Skal kaare den mest attraktive byen
KÅRING: Bergen vann kåringa i fjor, i år kan Ålesund verte kåra til Noregs mest attraktive by.
Nytt

Skal kåre den mest attraktive byen

Kommunaldepartementet vil ha hjelp til å finne den mest attraktive byen i Noreg.

18.02.2020
NPK-NTB: Kommunaldepartementet skal kåre «Noregs mest attraktive by», og alle innbyggjarar blir oppmoda om å nominere kandidatar.
– Mange kommunar jobbar for å skape levande og berekraftige lokalsamfunn. For å motivere til auka innsats og løfte fram gode døme deler vi ut Attraktiv byprisen. No treng vi hjelp til å finne årets vinnar, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) i ei pressemelding.
Fram til søndag 15. mars kan alle nordmenn
– Vi leitar etter byar og bygder som til dømes har jobba for å bli meir inkluderande og trygge, som har utvikla gode tilbod til barn, unge og eldre, eller som har bidrege til å gjere luftkvaliteten betre.
- Eller kanskje dei har gjort noko heilt anna, seier Astrup.

Bergen vann i fjor

Sivilarkitekt Alexandria Algard skal leie ein uavhengig jury som til slutt skal velje ut ein verdig vinnar.
Prisen, som i år blir delt ut for sjette gong, skal delast ut i juni. Vinnaren får 125.000 kroner i prispengar, i tillegg til eit diplom og ein plakett.
Bergen vann kåringa i fjor. Før det vann Kristiansand, Fredrikstad og Bodø. Då prisen vart delt ut for første gong i 2015, var det Trondheim, Helse Midt og St. Olavs hospital som vann.

Publisert: 18.02.2020 13:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53