Skal hente pengar neste aar
TRE STEG: Det landbaserte oppdrettsanlegget i Fræna skal byggast ut i tre steg. Prisen på første byggesteg er rundt ein millliard kroner, anslår Salmon Evolution-sjef Odd Tore Finnøy.
Nytt

Skal hente pengar neste år

Etter årsskiftet skal Salmon Evolution hente pengar for å finansiere første byggetrinn av sitt landbaserte oppdrettsanlegg i Fræna.

21.08.2019
- Med ein gang vi har investeringskalkyle for byggetrinn ein går vi ut og hentar pengar. Så startar vi å bygge, seier administrerande direktør Odd Tore Finnøy i Salmon Evolution.
Selskapet skal bygge eit landbasert oppdrettsanlegg i Fræna, som fullt utbygd får ein produksjonskapasitet på 30.000 tonn sløyd laks i året.

Planen er å bygge ut i tre omganger sa Finnøy til NETT NO etter at han hadde presentert prosjektet på oppdrettsmessa Aqua Nor i går. Han reknar med at selskapet er klar til å gjennomføre ei kapitalutviding tidleg neste pr. DNB Markets og Pareto er leigd inn for på hjelpe til med kapitalutvidinga.

Ein milliiard

Første byggetrinn og andre byggetrinn vil kvar gi 25 prosent av den planlagte produksjonskapasiteten, tredje byggetrinn skal gi resten.
Heile anlegget er pr. i dag berekna til å koste over tre milliardar kroner. Første byggetrinn vil omfatte ein del grunnlagsinvesteringar og blir difor det dyraste i høve til produksjonskapasiten, over ein milliard kroner i følgje Finnøy.

Alt i eitt

Sjølv om bygginga blir delt i tre trinn skal den skje utan stopp mellom byggetrinna, i følgje Finnøy.
Fleire investorar på Nordvestlandet gjekk inn i selskapet tidlegare i år, då selskapet henta inn 50 millionar kroner i ny eigenkapital. Blant investorane er Rofisk, selskapet som eig brønnbåtreiarlaget Rostein, dei tidlegare Optimareigarane Peder Stette og Frode Kjølås og Artec Aqua.
Med ein gang vi har investeringskalkyle for byggetrinn ein går vi ut og hentar pengar. Så startar vi å bygge

Publisert: 21.08.2019 10:41

Sist oppdatert: 02.03.2021 09:48