Skal ha kontrollen paa Fjord1 ferjer
FJORD1: Norwegian Control Systems skal levere fem Concept Bridge bruløysingar til Fjord1-ferjene som skal trafikkere Hareid - Sulesund og Aursnes - Magerholm.
Nytt

Skal ha kontrollen på Fjord1-ferjer

Norwegian Control Systems med leveransar til ni Fjord1-ferjer.

17.01.2018
Havyard-selskapet Norwegian Control Systems skal levere fem komplette automasjonssystem, Concept Bridge bruløysingar, samt ein stor elektroprosjekteringspakke, til Fjord1 sine nye ferjer.
Dei fem kontraktane har ein samla verdi på rundt 21 millionar kroner, opplyser Havyard Group i ei pressemelding.
Dei fem ferjene skal gå på strekninga Hareid-Sulesund og Magerholm-Sykkylven.
Med den siste kontrakten har Norwegian Control Systems no leveransar til ni ferjer som Fjord1 skal byggje.
Havyard opplyser at Norwegian Control System leverer, saman med sitt søsterselskap Norwegian Electric Systems, komplette elektropakkar frå 'bru til propell'. Pakkane består av hybride framdriftssystem, bruløysingar, automasjon, batteri, ladesystem og elektroprosjektering.

Overvakingssystem

Med i leveransen er eit SPM-system (Ship Performance Monitor), som er ei programvare for overvaking, utvikla for å hjelpe reiarlaga med å handtere og forbetre effektiviteten.
Havyard opplyser at systemet hentar informasjon om energiforbruk frå forbrukarar om bord saman med andre viktige data som hastigheit på skipet, vindhastigheit og retning, segla distanse, djupgang og trim.
- Vi er stolte av å vere leverandør av produkt og løysingar til nye miljøvenlege ferjer, seier salssjef Svein Ove Farstad i Norwegian Control Systems.
- Verda ser mot Norge i forhold til korleis vi elektrifiserer ferjer og øvrig skipsflåte. Fornyinga som skjer no er den mest omfattande vi har sett i norsk ferjehistorie, seier han i pressemeldinga.
Fornyinga som skjer no er den mest omfattande vi har sett i norsk ferjehistorie

Publisert: 17.01.2018 13:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17