Skal fornye laan paa nesten 800 millionar
TENER MINDRE: Ein bokført gevinst på sal av deler av verksemda i Mørenett gjer at Tussa-resultatet før skatt ikkje fell så mykje som driftsresultatet.
Nytt

Skal fornye lån på nesten 800 millionar

Tussa skal refinansiere lån for nesten 800 millionar kroner det komande året.

12.10.2017
Samanslåinga av Tussa og Tafjord sine netteselskap gjorde at Tussa måtte endre på finansieringa si, slik at selskapet enda opp med å ha forfall på ale lån i bankar og obligasjonsmarknaden i løpet av den komande årsperioden.

Tussa-sjef Elling Dybdal seier selskapet er ute i marknaden for å refinansier selskapet, og rekna det som uproblematisk å få refinansiert Tussa. Selskapet skal likevel sørge for at dei nye låna som blir tatt opp får forfall spreidd over ein lengre tidsperiode.

Svakare resultat

Reknskapen pr. andre tertial (årets åtte første månadar) viser eit svakare resultat enn same periode i fjor (sjå tabell).
Den viktigaste årsaka til reduksjonen er svakare resultat i Mørenett, som Tussa eig nesten halvparten av. Den nedgangen skuldast reguleringar som påverkar resultatet i Mørenett, og som ligg utanfor både Mørenett og Tussa sin kontroll. I tillegg hadd Tussa ein eingangsgevinst frå Mørenettsamanlåinga i fjor.
At resultatet før skatt ikkje fell like mykje som driftresultatet skuldast ei bokført finansinntekt i år, etter at Mørenett har seld entreprenørverksemda si til BKK Enotek.

Mindre frå kraft

Tussa fekk og eit redusert overskot frå kraftproduksjonen trass høgare kraftproduksjon.
Selskapet har produsert 460 GWH ved utgangen av august, mot 450 GWH i same periode i fjor. Gjennomsnittsprisen hittil i år er 26,6 øre pr. kWh, mot 21,1 øre i fjor. Auka kostnadar gjer at driftsresultatet frå kraftproduksjonen likevel gjekk ned med 11,9 millionar kroner, til 36,2 millionar pr. andre tertial.
Kostnadsauken skuldast delvis aut det blei dyrare for kraftselskapet å levere krafta si til nettet (innmatningkostnad på fagspråket) og delvis oppgraderingskostnadar for eitt kraftverk.

Publisert: 12.10.2017 09:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15