Skal doble salet paa to aar
UTVIDAR STABEN: Arctic Nutrition samlar nye medarbeidar til strategisamling i Hovdebygda denne veka. Frå venstre Yuming Feng, Gwen Kent, Ola Nordtømme, dagleg leiar Ole Arne Eiksund, Brett Nelson, Åge Nærdal, Rick Pope og Malene A. Eiksund. 
Nytt

Skal doble salet på to år

Innan to år skal Arctic Nutriton nå 50 millionar kroner i driftsinntekter.

18.06.2019
Det er helsekostdelen av selskapet som skal stå for veksten dei første åra, og denne veka har selskapet samla sine nytilsette på strategisamling på hovudkontoret i Hovdebygda.
- No har vi styrka teamet slik at vi kan jobbe på den globale marknaden, seier dagleg leiar Ole Arne Eiksund.
Den auka satsinga vil vere retta spesielt mot USA og Noreg, og mot å posisjoner seg mot den kinesiske marknaden.
Selskapet lagar helsekostprodukt basert på silderogn, og arbeider og med å utvikle få godkjent legemiddel basert på silderogn.

Utviklar legemiddel

Arctic Nutrition har tidlegare i år henta inn ny kapital for å finansiere arbeidet fram til neste store test av helseeffekten av silderognprodukt på psoriasispasientar.

I løpet av eitt år blir det gjennomført ein ny emisjon, anslår Eiksund.
Målet er å kunne vere i markanden med eit legemiddel i 2024.
Pir Invest IV gjekk inn med 39 millioner kroner i eim emisjon i mars/april i år. Det gir 14,6 prosent av aksjane og emisjonen verdset dermed selskapet til nesten 280 millionar kroner.

Vekst i helsekost

Samstundes som selskapet arbeider med utvikling av legemiddel har det auka salet av helsekostprodukt, frå 1,7 millionar kroner i startåret 2011 til 24,9 millionar kroner i 2018 (sjå tabell).
Frå 2013 har også underskotet krympa, frå nesten 10 millionar i minus i 2013 til 1, 7 millionar i 2018.

Publisert: 18.06.2019 17:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36