Skal doble IMG paa fem aar
VEKSTBEDRIFT: Ekornes siktar mot ei dobling i salet frå datterselskapet IMG, som konsernet kjøpte frå IMG-grunnleggar Nils Gunnar Hjellegjerde i 2014. Hjellegjerde er no ein del av styret i Ekornes. Her er han (lys jakke) under Ekornes si generalforsamling i 2017.
Nytt

Skal doble IMG på fem år

Ekornes byggjer ny fabrikk og lager i Litauen.

16.02.2018
Ekornes investerer 11 millionar Euro (cirka 105 millionar kroner) i fabrikk- og lager for IMG-møblar i Litauen. Fabrikken skal forsyne marknaden i Europa med IMG-møblar, og vil få 100-300 tilsette, anslår konsernsjef Olav Holst Dyrnes i Ekornes.
Stålkomponentane til fabrikken kjem frå interne underleverandørar, medan tilskjæring, skumplastproduksjon, sying og motering skal skje på fabrikken. I dag får marknaden i Europa, som fabrikken skal forsyne, møblar frå IMG-fabrikkar i Vietnam og Thailand. Det er for langt unna marknaden, med for lange leveringstider, seier Holst-Dyrnes.
Investeringa skal vere ein del av grunnlaget for ein kraftig vekst i for IMG.
På resultatpresentasjonen til Ekornes i dag varsla Holst-Dyrnes at konsernet siktar mot ei dobling av inntektene til datterselskapet IMG, som lagar møblar i ei litt lavare prisklasse enn Ekornes sine Stresslessstolar og -sofaer.

Tek innpå

I fjerde kvartal i fjor hadde Ekornes 647 millionar kroner i driftsinntekter frå Stressless-segmentet, og 127 millionar kroner kroner frå IMG. Går det som konsernet håpar på vil IMG krype kraftig innpå Stressless dei neste fem åra, sjølv om konsernet sin mest optimistiske vekstprognosen for Stressless (fem prosent i året) slår til.
Då vil IMG nå 254 millionar kroner i kvartalet (med utgangspunkt i tala for 4. kvartal 2017) og Stressless nå 828 millionar kroner.
Dei tilsette i Ekornes får bonus avhengig av resultatet. Basert på dei førebelse tala for 2017 ligg dei tilsette i Stressless-segmentet an til ein bonus på 28 prosent av ei månadsløn medan dei tilsette i IMG får 41 prosent.

Kjøpte frå tidlegare konkurrent

IMG er bygd opp av tidlegare Hjellegjerde-sjef Nils Gunnar Hjellegjerde.
I 2014 selde han og resten av eigarane selskapet til Ekornes, og fekk i første omgang 400 millionar kroner i betaling.
Avtalen innebar også at Hjellegjerde skulle får 150 millionar kroner ekstra dersom IMG nådde avtalte mål for sal og lønsemd. Dei krava vart innfridd og Hjellegjerde fekk pengane på konto i andre kvartal i fjor.
I fjor haust vart han og vald inn i styret i Ekornes.

Kuttar ut forhandlarar

Ekornes kuttar ut omlag 200 forhandlarar i Sør-Europa etter skuffande resultat.
Selskapet utvida forhandlaranettet i Sør-Europa, og alle mest i Frankrike, for to-tre år sidan. No blir utvidinga sett i revers.
Forhandlarar som lenge hadde seld Ekornes-møblar var misnøgde, og dei nye forhandlarane gav ikkje konsernet den veksten det hadde venta seg.
Både i sør- og mellom-Europa meiner Holst-Dyrnes meiner Ekornessjefen at konsernet har potensiale for vekst ved å forbetre sitt eige arbeid med sal- og distribusjon.

Ikkje nøgd med lønsemda

Justert for effekten av valutaendringar har Ekornes hadde ein driftsmargin (driftsresultat i prosent av drifttsinntekter) på mellom 11,8 og 13,9 prosent dei siste fem kvartala.
Målet er å ligge på mellom 16 og 18 prosent.
Svaret på korleis lønsemda skal opp er mellom ytterlegare auke i produktutviklinga, og framleis stor merksemd på kostnadskontroll, i følgje Holst-Dyrnes.
- Vi har auka produktutviklingskapasiteten, seier han.

Må skille mellom marknadane

I dag skil Ekornes i liten grad mellom ulike marknadar. Det skal det bli slutt på.
- Vi har hatt ein "one size fit all-strategi" seier Holst-Dyrnes.
Men kundane er ulike i ulike marknadar. Bestseljaren blant Ekornes sine Stressless-sofaer er populær i USA, Storbritannia og Australia, men blir nesten ikkje seld i Noreg. Det vil Ekornes ta konsekvensen av, både i marknadsføring og produktutvikling.

Publisert: 16.02.2018 10:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18