Skal arbeide utanfor Kongo
KONTRAKT: Meir arbeid utanfor Kongo for Far Sleipner.
Nytt

Skal arbeide utanfor Kongo

Solstad Offshore har fått langtidskontrakt for konstruksjonsskipet Far Sleipner.

14.12.2018
Kontrakten er inngått i samarbeid med selskapet sin lokale partner Petro Services, opplyser Solstad i ei børsmelding fredag.
Kontrakten er med Total Exploration & Production Congo.

Opp til fire år

I første omgang er kontrakten på to år, men med opsjonar på fire gangar seks månader, slik at oppdraget totalt kan kome opp i fire år.
Solstad opplyser at Far Sleipner vil fungere som støttefartøy på feltet der det skal foregå boring og brønnitervensjon. Båten har ROV-system om bord.
Far Sleipner har vore i arbeid for det kongolesiske selskapet sidan januar 2017.
Konstruksjonsskipet vart overlevert til Farstad Shipping våren 2015.

3000 meter djupne

Skipet er spesialutrusta til å gjennomføre undervasssoperasjonar ned til 3000 meter djupne.
Det 142,6 meter lange skipet har eit dekksareal på 1.800 kvadratmeter.
Skipet er utrusta med to offshorekraner, der den største har ein løftekapasitet på 350 tonn.

Publisert: 14.12.2018 11:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29