Skaar Senior bygger ny kystbaat
NYBYGG: Representantar frå reiarlaget Skår Senior og skipsdesignarane i Marin Teknikk om bord i 2007-bygde MS Jøkul til kai i Eggesbønes. – Vi var i kystnot tidlegare, men kjøpte denne i 2011, då vi gjekk over til kystflåten, seier Roy Skår til NETT NO. Frå venstre: Richard Gjerde, Roy Skår, Torgeir Bigset, Trond Kvalsvik, Svein-Rune Gjerde og Jan-Arve Drabløs.
Nytt

Skår Senior bygger ny kystbåt

Familiereiarlag frå Herøy valte lokalt design for kombinert kystbåt for ringnot og tråling. 

Marius Rosbach
20.05.2019
Reiarlaget Skår Senior AS skal bygge ny kystbåt som skal drive med ringnot og tråling. Måndag møtte representantar for reiarlaget og designarane i Marin Teknikk NETT NO på kaia i Eggesbønes for å fortelje om nybygget.
– Det er ein ny kystbåt for pelagisk fiske som vert 48 meter lang og 12 meter brei, fortel skipper og reiar Roy Skår.
Med andre ord går dei litt opp i størrelse frå dagens MS Jøkul, som er 40 meter lang. Volumet i lasterommet blir på 500 kubikkmeter, det same som på dagens båt. Namnet vert Skår Senior.
Roy og systera Janita eig til saman 90 prosent i Skår Senior, medan syskenbarnet Jan-Arve Drabløs eig ti prosent i reiarlaget frå Kvalsvika.

– Skal byggjast i Norge

Det er ikkje avgjort kvar båten skal byggjast, men den skal vere klar til bruk i løpet av 2021:
– Vi er i gong med å finne ut kvar vi skal byggje og reknar med at vi tek ei avgjerd i løpet av sommaren. Og den skal byggjast i Norge, slår Skår fast.
Reiarlaget satsar på å ha med dei same folka vidare når den nye båten står klar. Det er i hovudsak lokale folk.
Roy Skår er skipper om bord medan syskenbarnet Jan-Arve er aktiv fiskar og svoger Trond Kvalsvik er maskinisten. Nokre av mannskapet er naboar til reiaren. Den einaste «utlendingen» om bord kjem frå Måløy, seier Skår og flirar.

Verdifullt med lokalt samarbeid

For reiarlaget var det viktig å samarbeide med lokale designarar. Valet på Marin Teknikk i Dragsund var difor naturleg, seier Skår.
– Dei held til 20 minutt frå heime og hadde den finaste designet. Berre sjå her, seier Skår og viser fram teikninga på nybygget.
– At det er lokale folk som samarbeider, har ein verdi i seg sjølv. Fedrane til desse karane har også samarbeida på sjøen, påpeiker salssjef Richard Gjerde i Marin Teknikk.
Administrerande direktør og sjefdesignar Svein-Rune Gjerde utdjupar:
– Det gir gode moglegheiter til å få til eit endå betre prosjekt, enn om vi designar eit skip i Spania eller ein anna plass langt vekk. Vi kan få til ein god dialog og få det løyst på teikningsstadiet, i staden for etterpå. Ein kan løyse mykje via telefonen, men ein løyser ting på ein anna måte ved å sette seg ned rundt det same bordet med teikningane og snakke saman, seier Svein-Rune Gjerde.
Reiar Roy Skår er samd i at lokalt samarbeid har ein verdi, i tillegg til at det sjølvsagt er hyggeleg å skape ringverknader.
– Det er ein klar fordel. Med eit slikt samarbeid som vi har no, trur eg vi kan få til eit utruleg godt produkt, seier han.

Finansiering i lokale bankar

Reiarlaget opplyser ikkje kor mykje dei reknar med å måtte betale for nybygget, og det er naturleg nok vanskeleg å seie noko sikkert om før byggeverft er valt.
– Vi har gode finansieringspartnarar i lokale bankar, seier Skår.
Reiarlaget har kvoter på 2500 tonn NVG-sild, 1000 tonn makrell og 800 tonn nordsjøsild. Lodde vart det ikkje i år, ifølgje Skår.
Les også:
Rekneskapane for åra etter 2013 viser at reiarlaget i «normalår» har inntekter frå fiske på 15 til nærare 30 millionar kroner. Resultat før skatt i desse åra har vore om lag i balanse.

Publisert: 20.05.2019 19:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35