Sju milliardar i minus paa sju aar
TØFFE TIDER: Konsernsjef Geir Håøy på besøk hos dei Kongsberg-tilsette på Longva 2. april 2019, dagen etter at Kongsberg Gruppen tok over eigarskapen av marinedivisjonen til Rolls-Royce. Inntektene til tidlegare Rolls-Royce Marine - som no er ein del av Kongsberg Gruppen - er redusert frå 12,8 milliardar i toppåret 2010 til 4,4 milliarder i fjor. 2019 blei det første året med inntektsauke sidan 2013. I første halvår i år fall ordreinngangene til Kongsberg Maritime, med unntak av dekksmaskin-divisjonen, men lønsemda auka og driftsresultatet blei snudd frå underskot i første halvår 2019 til overskot i første halvår 2020.
Nytt

Sju milliardar i minus på sju år

Nytt milliardunderskot i Kongsberg Maritime CM, tidlegare norske Rolls-Royce Marine as.

25.09.2020
I det som kan vere det siste reknskapet før full samansmelting med datterselskapet Kongsberg Maritime i Kongsberg Gruppen, legg Kongsberg Maritime CM fram eit underskot før skatt i 2019 på 1,2 milliardar kroner. I 2018 var underskotet 0,9 milliardar kroner. Frå og med 2013 har tidlegare Rolls-Royce Marine - som no er ein del av Kongsberg Gruppen - gått med sju milliardar kroner i minus.
På pluss-sida er at 2019-tala viser ein liten auke i inntektene, etter at selskapet har hatt fallande inntekter i fem år på rad. Sjå tabell - på mobil finn du den nederst på sida.
I toppåret 2010 hadde selskapet 12,8 milliardar kroner i driftsinntekter, i 2013 10 milliardar. I fjor blei driftsinntektene 4,4 milliardar kroner.
Med anlegg og tilsette på Longva, i Brattvåg, Ålesund, Hjørungavåg og Ulsteinvik er selskapet ein av dei største arbeidsgivarane på Nordvestlandet og ein tungvektar blant utstyrsleverandørane i den maritime klynga. I fjor sysselsette selskapet 1426 årsverk.

Kuttar kostnadar og stillingar

Kongsberg Gruppen kjøpte marinedivisjonen til Rolls-Royce, der norske Rolls-Royce Marine as var det største selskapet - for 5,3 milliardar kroner og overtok eigarskapen 1. april 2019.

I mai 2019 kom den første meldinga om kutt. 260 stillingar skulle bort, omlag 100 i Noreg. Då Kongsberg Gruppen i februar i år la fram årsrapporten for 2019 hadde 315 av i alt 485 som skulle nedbemannast slutta i selskapet.

No er det uro rundt avdelinga i Ulsteinvik, der planen er å flytte deler av produksjonen til utlandet.

Målet for Kongsberg Gruppen er å hente ut kostnadskutt- og samanslåingsgevinstar på i alt 500 millionar kroner årleg etter kjøpet av marinedivisjone til Rolls-Royce. Opphavleg var planen å nå dette målet i løpet av 2022, men då 2019-tala vart lagt fram sa selskapet at planen er å nå målet alt i år.

Smeltar saman

Arbeidet med å smelte Rolls-Royce Marine og resten av marinedivisjonen til Rolls-Royce saman med Kongsberg Maritime starta straks Kongsberg Gruppen overtok eigarskapen. Men Kongsberg Maritime CM, som Rolls-Royce Marine skifta namn til, er framleis eit eige selskap med eige reknskap.
I og med at drifta av Kongsberg Maritime langt på veg er samordna og folk jobbar med oppgåver på tvers av selskapa dei formelt sett er tilsette i er ikkje 2019 og 2018-tala heilt samanliknbare. Frå og med i år har Kongsberg Gruppen slutta å rapportere eigne tal for Kongsberg Maritime CM.
Medrekna Kongsberg Maritime CM hadde Kongsberg Maritime 8,3 milliardar kroner i driftsinntekter første halvår 2020, og er det største datterselskapet i Kongsberg Gruppen. Hadde Kongsberg Maritime CM vore ein del av Kongsberg Gruppen frå 1. januar 2019 ville Kongsberg Maritime hatt 7,8 milliardar kroner i driftsinntekter i første halvår 2019 ifølgje proformatal frå Kongsberg Gruppen. (sjå tabell).
I første halvår i år fall ordreinngangene til Kongsberg Maritime, med unntak av dekksmaskin-divisjonen, men lønsemda auka og driftsresultatet blei snudd frå underskot i første halvår 2019 til overskot i første halvår 2020.

Publisert: 25.09.2020 09:06

Sist oppdatert: 04.03.2021 16:06