Sju handlar paa sju veker
BØRS: Golden Energy Offshore Services gjekk i pluss i fjor, men interessa for aksjen er laber. Her ringjer adm. dir. Per Ivar Fagervoll i klokka under børsintroduksjonen 5. april.
Nytt

Sju handlar på sju veker

Sidan børsstart 5. april, har Golden Energy Offshore Service-aksjen berre vorte handla sju dagar.

24.05.2018
Interessa for å handle i det Ålesund-baserte selskapet har dermed vore svært laber sidan adm. dir. Per Ivar Fagervoll ringde i børsklokka klokka ni torsdag 5. april.
Men då selskapet gjekk på børs og vart registrert på Merkur Markets, var det berre 42 aksjonærar i selskapet.

90 prosent av aksjane var eigd av obligasjonseigarar som fekk konvertert 220 millionar kroner av uteståande obligasjonsgjeld til aksjar i det børsnoterte selskapet.
Dei har sett at kursen har variert mellom 5,30 og 5,90 kroner aksjen. Siste omsetningskurs er 5,30 kroner, noko som prisar selskapet til 129 millionar kroner.

To PSV-ar

I selskapet ligg berre dei to PSV-ane Energy Scout og Energy Swan.
Energy Swan arbeider i Nordsjøen, og har avtale med oljeselskapet Wintershall Norge til 1. oktober i år.
Energy Scout har i lengre tid vore i sving utanfor kysten av Vest-Afrka, og har avtale medTotal E&P Nigeria fram til 1. juli i år.

I pluss

For begge avtalane ligg det inne opsjonar om forlenging.
Dei to skipa segla inn 86,8 millionar kroner i fjor, fordelt på 34,6 millionar for Scout og 52,2 millionar for Energy.
Resultatet før skatt vart på 2,2 millionar kroner. Året før var resultatet før skatt på minus 100,4 millionar etter nedskrivingar på 90 millionar kroner.

Sjøfolka arbeider lenger

I årsrapporten skriv selskapet at det er sett i verk ei rekkje tiltak for å betre lønsemda.
Mellom anna er det reforhandla avtalane med dei store underleverandørane.
I tillegg er det inngått avtale med sjøfolka om at dei står lenger om bord i skipa.
Golden Energy Offshore Services er ein del av Golden Energy Management-systemet som operer ni offshorefartøy.

Publisert: 24.05.2018 09:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22