Sjefsskifte i I M Kommunikasjon
SKIFTAR JOBB: Per Helge Devold går inn i omega3-bransjen.
Nytt

Sjefsskifte i I&M Kommunikasjon

Per Helge Devold går frå reklame- til omega3-bransjen. Runar Haugen tek over.

13.02.2018
Devold sluttar i I&M Kommunikasjon etter fire og eit halvt år for å arbeid med forretnings- og produktutvikling hos Leif Kjetil Gjendemssjøs selskap LKG Innovation.
Gjendemsjø er ein av pionerane i omega3-bransjen på Nordvestlandet.
På 80-talet starta han det som i dag er Epax.
I 2006 selde han selskapet Napro Pharma i Brattvåg til finansaktøren Cognis (selskapet i Brattvåg har hatt fleire eigarskifte, er no eigd av amerikanske ).
I 2007 starta Gjendemsjø Pharma Marine, som i 2014 fekk sitt første reknskap i pluss.

LKG Innovation er holdingselskapet til Leif Kjetil Gjendemssjø, og har Pharma Marine som sitt viktigaste datterselskap.
Runar Haugen kom til I&M Kommunikasjon hausten 2017, etter 25 år som marknadsdirektør i Ekornes. Han starta som dagleg leiar i rådgivingselskapet Brandwise, eit dotterselskap av I&M Kommunikasjon.

Publisert: 13.02.2018 15:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18