Sjef for gjeldsforhandlingane klar
ERFARING: Håvard Wiker er bustyrar i mellom anna K.A. Aurstad-konkursen og Gresvig-konkursen. No skal han leie gjeldsforhandlingane i Havyard Ship Technology. Bilete er frå skiftesamlinga i K.A. Aurstad i januar 2019.
Nytt

Sjef for gjeldsforhandlingane klar

Retten har oppnemnt Håvard Wiker til å styre gjeldsforhandlingane i Havyard Ship Technology.

14.02.2020
Wiker i i Advokatfirmaet Ro Sommersnes er ein ein Noregs meste erfarne konkurs og gjeldsforhandlings-advokatar. Han er mellom anna bustyrar i K.A.Aurstadkonkursen og i sportskjeda Gresvig.
No skal han leie gjeldsforhandlingane i Havyard Ship Technology, etter at Sogn og Fjordane Tingrett opna gjeldsforhandlingar - tvangsakkord - i selskapet tysdag 11. februar.

Tom kasse

Havyard Ship Technology eit datterselskap i Havyard Group, og omfattar først og fremst skipsverftet i Leirvik i Sogn.
Store tap på eksisterande byggeoppdrag og forseinkingar gjorde at styret i Havyard Ship Technology ba retten om ein kjennelse om å opne gjeldsforhandlingar i selskapet.
Det sa retten ja til, og dermed er selskapet sikra rettsleg verna pustepause og vern mot konkurs, medan Wiker og resten av gjeldsnemnda prøver å få på plass ein avtale med kreditorane som sikrar vidare drift.
I følgje kjennelsen har Havyard Ship Technology til saman 91 millionar kroner i intern og ekstrern gjeld, medan det er verdiar for omlag 10 millionar kroner på plukklageret og knappe fire millionar kroner på konto.

Løysing kan vere mogleg

I kjennelsen om gjeldsforhandlingar skriv retten at retten ikke kan opne slike gjeldsforhandlingar dersom det er lite sannsynleg at eit selskap kan lukkast med forhandlingane.
I Havyard Ship Technology sitt tilfelle er det "ikkje er lite sannsynleg at Havyard Ship Technology AS vil kunne oppnå en tvangsakkord med sine kreditorer", skriv retten.
Saman med Wiker har Sogn og Fjordane Tingrett oppnemnt desse medlemane i gjeldsnemnda: Advokat Tor Herdlevær i Advokatfirmaet Selmer, advokat Jostein Sundvor i Advokatfirmaet Rasmussen & Broch og salssjef Boris Babic i Ahlsell AS.

Publisert: 14.02.2020 10:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53