Sjarkbyggjaren i Gursken
BÅTBYGGJAR: Roy Endre Håvik har satsa på bygging av sjarkar, og folk langs heile kysten vil byggje båt hos Proas i Gursken.
Nytt

Sjarkbyggjaren i Gursken

Han har så mykje å gjere, at han gjerne skulle klart seg utan medieomtale.

08.07.2017
- Uff, ja, no vert det vel eit renn av folk som vil byggje båtar.
Roy Endre Håvik i Gursken-bedrifta Proas har spesialisert seg på bygging av sjarkar under 11 meter.
To er alt leverte til Herøy, ein til Ulstein og ein ny er under bygging.
- Rykta har gått. Vi vert kontakta av folk langs heile kysten som vil byggje sjark.

Fleire tilsette

Håvik har bygt bedrifta gradvis opp. No tel ein sju mann.
- Vi må nok ha eit par-tre til snart. I tillegg treng vi meir plass.
Håvik starta i det små, først med reparasjon og sal av båtar.
Med både snikkarverksted og ein komplett metallverksted har ein kunna tatt på seg mange ulike oppdrag.

Måtte tenkje nytt

Mellom anna var ein lenge ein stor leverandør av mob-båtar til Ulstein-bedrifta Mare Safety, men så vart produksjonen flytta til Polen.
- Dette skjedde samstundes som at offshorekrisa slo inn. Det minka på oppdrag for oss, og vi måtte tenke nytt.
Det nye vart å satse på sjarkbygging.
- Vi kan gjere alt, men på dei siste båtane har vi valt å setje vekk den elektriske installasjonen. Resten gjer vi her, inkludert produksjon av luker, dører og syrefast rekkverk.

Heiar på sjarkfiskarane

Selskapet har satsa fleire millionar kroner på utvikling av former til dei nye båtane.
- Men dette ser ut til å løne seg. Pågangen er i alle fall stor.
Håvik trur at det vert ein renessanse for sjarkfiskarane langs kysten, og er glad for det.
- Det er ikkje noko anna fiske som er meir miljøvenleg og skaper fleire arbeidsplassar og aktivitet langs kysten.
- Eg heiar på sjarkfiskarane.

Speedsjarkar

Dei to siste nybygga er speedsjarkar, som kan gå rundt 22 knop. Då kjem ein seg raskt fram på fiskefelta.
- Dei er i alle fall godt nøgde dei som har fått desse båtane.
Selskapet har brukt lite pengar på marknadsføring.
- For denne typen båtar har det ikkje noko føre seg å bruke pengar på messe på Lillestrøm eller andre stader.
- Sjarkfiskarane trivst best i støvlar og nær juksamaskina, men dei deler samstundes kunnskap. Difor veit alle om oss utan at vi har gjort anna marknadsføring enn å byggje gode båtar.
Sjarkfiskarane trivst best i støvlar og nær juksamaskina, men dei deler samstundes kunnskap

Publisert: 08.07.2017 06:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12