Sjark sjokk fraa Carlson
OPPSIKT: Du legg deg ikkje til kai for å selje fisk med ein slik båt utan å vekkje oppsikt. I beste fall kan prototypen vere på sjøen om eitt år.
Nytt

Sjark-sjokk frå Carlson

UFO? Racerbåt? Nei det er Gunnar Carlsons nye supersjark.

26.04.2016
Ein båt som er så oppsiktvekkande og interessant at den skal lokke unge til å begynne som sjarkfiskarar er eitt av måla bak den nye sjarken som no er under utvikling i Måløy.
Utsjånadsmessig er det ingen tvil om at Måløyinvestor Gunnar Carlson har fått fram ein fiskebåt ulikt alt anna.
I beste fall kan den første prototypen av den 15 meter lange og åtte meter breie båten vere på vatnet om eitt års tid, seier han.
Sjølv i store bølgjer skal sjarken halde ei fart på over 30 kilometer i timen.

Testar skorget

To av bedriften i Carlson-sfæren står sentralt i utviklinga.

Prototypebyggjaren Easy From eig og utviklar prosjektet, medan Stadt Towing Tank testar skroget.
Nett no er siste versjon av skroget til testing i Stad Towing Tank (med større baugparti enn på hovudbiletet).
Så langt er tilbakemeldingane gode. Båten er stabil og rask også i ruskever og store bølgjer.

Satsar på fart

Carlson satsar på fart også i produktutviklinga.
- Vi treng ikkje patentere noko som helst viss du er rask nok, seier han.
Med åtte meters breidde er det ikkje noko problem å ha lugarplass til fire personar, i følgje designsjef Eivind Flister i Easy Form.

Fersk fisk

Ein veksande marknad for fersk fisk har gjort sjarkfiske, der fangsten blir levert same dag den vert teken, meir lønsamt.
Norsk Sjømat på Stranda vurderer til dømes å investere 50 millionar kroner i å utvide fabrikken for å bearbeide fersk fisk, med nettopp sjarkfiskarane som leverandør.

Publisert: 26.04.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:56