Siste havgaaande Sande baat
SAL: Det er skrive intensjonsavtale om sal av Stålegg, den siste havgåande fiskebåten i Sande.
Nytt

Siste havgåande Sande-båt

Eigarane av Kvamsøy-båten Stålegg har bestemt seg for å selje båt og kvoter.

28.06.2016
- Ja, det stemmer, men det er likevel ikkje sikkert om det vert noko av salet. Det er ein kabal som skal gå opp om det vert noko sal.
Dette seier reiar Kenneth Beitveit.
Han eig 40,27 prosent av Beitveit Havfiske, medan resten er likt fordelt mellom brørne Idar og Ronny Beitveit.
- Enkelte vil drive vidare, medan andre vil sule opp, seier Kenneth Beitveit.

Kan verte nysatsing

Den 45 meter lange og 25 år gamle kystfiskebåten er den største i Sande. Reiarlaget er også ein viktig arbeidsplass på Kvamsøy med sine ti tilsette.
Kenneth Beitveit seier at det kan verte ny satsing sjølv om det no vert sal av båten.
- Vi får sjå. Først må vi få salet i orden. Om det ikkje går, så vil vi halde fram drifta som før.

Stor kvoteinteresse

Etter det NETT NO kjenner til har det vore stor interesse for å kjøpe kvotene til Stålegg. Det har også meldt seg fleire interessentar til å kjøpe båten.
For at båtsalet skal verte noko av, må kjøpar først skaffe seg kvoter, og må få godkjenning for det.
Stålegg driv med kystnot, trål og snurrevad etter torsk, hyse og sei.

Levandelagring

Båten kan levere både fersk, frosen og levandelagra fisk.
Selskapet har satsa stort på torsk etter å ha seld seg ut av dei pelagiske kvotene.
Beitveit Havfiske leverte gode tal fram til 2013, men har slite dei to siste åra. I 2015 enda resultatet på 1,9 millionar kroner i minus.
Enkelte vil drive vidare, medan andre vil sule opp

Publisert: 28.06.2016 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58