Singerheimen kan bli seld
Nytt

Singerheimen kan bli seld

Meiner at bygget kan bli hotell.

17.09.2018
NPK: Stiftinga som eig den verneverdige Singerheimen i Olden i Nordfjord har bestemt seg for å selje eigedomen, skriv Bergens Tidende.
Huset vart bygt av den amerikanske mangemillionæren William H. Singer i 1921.

10 millionar i restaurering

I dag er det ei stifting styrt av Sogn og Fjordane fylkeskommune som driv Singerheimen, som ligg like ovanfor Olden sentrum i Stryn kommune. Men inntektene og støtta har ikkje strekt til, og eigedommen har behov for eit omfattande restaureringsarbeid. Så no skal den seljast.
– Ein kjøpar må rekne med 10 millionar i restaureringsutgifter, seier Åsne Folstad, styreleiar i Singerheimen, til avisa.
Ho ser føre seg at eigedommen i framtida kan bli driven som hotell, tilsvarande det historiske Hotel Union Øye ved Norangsfjorden.
– Dei har hjarte for bevaring, og kunnskap om korleis ein driftar gamle bygg. Det er slike folk vi ønskjer å selje til, seier ho.

Publisert: 17.09.2018 11:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26