Simulatorplattform klar for alle om to aar
NYE PARTNARAR: Frå venstre; Tor Heierstad i Kongsberg Digital, Joel Mills i Offshore Simulator Centre, Chang Kwang Pil frå Hyundai Heavy Industries og Over Bjørneset i Vard signerer avtale om å slutte seg til samarbeidet om å utvikle ein open og felles virtuell plattform for skipsverft og utstyrsleverandørar.
Nytt

Simulatorplattform klar for alle om to år

Medlemane i industrisamarbeidet Open Simulation Platform kan byrje å bruke programma til jul i år.

21.03.2018
Fram til jul skal dataprogrammerarar vidareutvikle programma som skal til for å drive Open Simulation Platform til eit nivå der medlemane kan byrje å ta systemet i bruk i utvikling og testing av virtuelle skip og utstyr.
I mars 2020 skal utviklingsarbeidet ha kome så langt at programma kan takast i bruk av alle. Det seier prosjektleiar Øyvind Smogeli, som arbeider for DNV GL, ein av dei fire initiativtakarane til prosjektet.

20 medlemar

I tillegg til DNV GL er det Rolls-Royce Marine, Sintef og NTNU som har dratt i gang prosjektet, der målet er på utvikle virtuelle modellar av skip og all slags skiputstyr og teste og vidareutvikle produkta i fellesskap, for å spare tid og pengar i utviklingsarbeidet.
På lanseringskonferansne i går slutta også Hyundai Heavy Industrien, Vard, Offshore Simulator Centre og Kongsberg Digital til prosjektet.

Målet er å ha fått med minst 20 medlemar fram til jul, sier Smogeli.

Sikre immatrielle rettar

Eit område programmerarane skal arbeide med er å få på plass at bedriftene kan kome med sine produkt inn programmet utan at dei må vise fram forretningsløyndomar for konkurrentane, men likevel samarbeide med andre aktørar.
Ei anna oppgåve er å utvikle standarar for korleis virtuelle modellar av fysiske produkt, også kalla digitale tvillingar, skal byggast. Det vil forenkle arbeidet med å lage virtuelle modellar og sikre at modellar av ulike produkt kan køyrast i same program.

Publisert: 21.03.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19