Silda kjem fraa vest ikkje fraa nord
FOSNAVÅG: NVG-silda har kome til Møre, men ho kjem frå vest og står djupt, seier skipper Espen Nilsen på Edna Synnøve.
Nytt

Silda kjem frå vest - ikkje frå nord

Silda er no på Møre, men har endra vandringsmønster, seier skipper Espen Nilsen.

19.02.2019
- Tidlegare har silda overvintra i fjordane nordpå, og så har ho sige sørover langs kysten for å gyte.
- I år ser det ut til at silda har trekt vest i havet, og kjem inn til kysten frå vest - ikkje frå nord, seier Nilsen, reiar og skipper på Frøya-skuta Edna Synnøve.
125 tonn med fin NVG-sild har Nilsen og mannskapet på den 21 år gamle skuta med seg til Fosnavaag Pelagic.

- Frykteleg djupt

Fangsten vart tatt på Buagrunnen. Silda var ikkje lett å ta.
- Ho stod frykteleg djupt, gjerne heilt klistra til botnen.
- Vi gjorde fleire kast før vi fekk vår last.
Nilsen fortel at fleire båtar har gitt opp fisket etter NVG-sild på grunn av at ho står så djupt.
- Der er ein god del å sjå, men det hjelper lite når ho gjerne står frå 50 famner og endå djupare.
- Fleire har difor gitt opp og vi difor vente til hausten med å ta resten med kvoten.

Bra pris

Derimot er Nilsen godt fornøgd med prisen.
- For denne fangsten fekk vi 4,14 kroner kiloen.
- Det er bra. I fjor låg det mykje mellom 3,20 og 3,50 kroner kiloen.

Seinare enn før

Han trur at det vert bra med sild på bankane utanfor Møre dei neste vekene.
- Silda er seinare enn før, men har heller ikkje kome så langt i gytinga.
Edna Synnøve har att rundt 500 tonn av kvoten på vel 1.000 tonn.
- Vi skal prøve på nytt. Truleg slepp vi å gå så langt fordi der er sild å sjå vest for Ålesund.

Stor sild

Norges Sildesalslag opplyser at kvantummessig var det ei laber veke sist veke med 12.400 tonn innmeldt. Hovedårsaka til det lave kvantumet er at silda har stått djupt, i tillegg til at det var dårleg vêr fram til helga.
Laurdag spakna vinden og notflåten kom på Buagrunnen. Her vart det tatt fleire gode kast og av totalkavntumet sist veke vart 10.600 tonn fiska her.
Sildelaget opplyser at samanlikna med tidligegare år er silda sein på Møre i år. I fjor var første fangst 10 februar, i 2017 den niande og i 2016 14. februar.
Normalt er det den store silda som ligg i front på sin vandring mot gyteområdet. Så også i år, der snittstørrelsane ligg frå 345- 385 gram, med eit vekta totalsnitt på 367 gram.
Ho stod frykteleg djupt, gjerne heilt klistra til botnen

Publisert: 19.02.2019 12:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31