Sild over eit stort omraade
SILD: Vestbas er ein av båtane som har starta på NVG-silda. Vestbas har levert 115 tonn ved Pelagia i Liavåg. 
Nytt

Sild over eit stort område

Silda har kome til Buagrunnen. Fisket foregår over eit svært stort område.

17.02.2020
Fisket etter norsk vårgytande sild (NVG-sild) er i full gang også på Møre.
Torsdag vart første fangsten tatt på Buagrunnen. Det var "Paul Senior" som melde inn knappe 200 tonn, ifølgje Sildelaget.
Fisket foregår no over eit stort område, heilt frå området vest for Værøy og sørover langs kysten til Buagrunnen, ei strekning på nesten 300 nautiske mil.

Dårleg vêr

Ifølgje fangststatistikken til Sildelaget vart det fredag meldt inn 6.113 tonn frå 35 fartøy. Laurdag vart det meldt inn 942 tonn frå åtte fartøy, og søndag 875 tonn frå fem fartøy.
Fram til klokka 13 på måndag var det meldt inn ytterlegare to fangstar på til saman 590 tonn.
Sildelaget opplyser at dårleg vêr har hemma fisket, men at prisane er gode.

Stor sild

Hittil er det kystflåten som har dominert på innmeldingane.
Silda er gjennomgåande stor med snittstørrelsar frå 304 gram som lavast til 370 gram som høgast.
Den største silda får ein lengst i sør.
Pelagia Liavåg og Pelagia Måløy har tatt imot mange av fangstane.
Fredag starta også årets gytetokt fra Ålesund. Som i fjor er det «Eros», «Kings Bay» og «Vendla» som kartlegg havområda utanfor Norskekysten.

Publisert: 17.02.2020 14:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53