Sikra nytt oppdrag og arbeid til fleire folk
NY KONTRAKT: Oppdraget med å bygge ein hamnebåt til Svalbard gir behov for fleire folk, fortel Lextor Marin-sjef Aasmund Torvik (innfelt).
Nytt

Sikra nytt oppdrag og arbeid til fleire folk

Herøy-selskap bygger hamnebåt som skal stasjonerast i Longyearbyen. Solid ordrebok gir behov for fleire tilsette.

Marius Rosbach
22.01.2021
Lextor Marin har sikra seg oppdraget med å bygge ein knappe 15 meter lang og fem meter brei hamnebåt til Longyearbyen Havn på Svalbard.
Skroget blir isforsterka for å takle dei røffe forholda ved øygruppa og blir utrusta med moglegheiter slik at ein kan køyre i land over baugen. Båten skal leverast i juli i år.
– Båten er tilrettelagt slik at det er mogleg å konvertere til batteridrift på eit seinare tidspunkt dersom det blir aktuelt, fortel dagleg leiar Aasmund Torvik til NETT NO.

Ordrebok på kring 30 millionar

Skipsbyggarane som har spesialisert seg på å bygge ulike arbeidsbåtar, held til i Torvika og har for tida ei solid ordrebok.
– Vi har ordrar inne på fem båtar til ein verdi på kring 30 millionar. Det er synest vi er veldig bra, seier Torvik.
Ordreinngangen gjer også at dei treng fleire enn dei kring sju personane som jobbar for firmaet i dag.
– Vi er ute i marknaden for å finne flinke folk, gjerne med mekanisk erfaring frå montering av båtar, legg han til.

Nest høgaste omsetning

Omsetning i Lextor Marin har dei siste åra svinga frå 18 til 25 millionar kroner.
Torvik fortel at fjoråret enda på kring 23 millionar, som er den nest høgaste omsetninga dei har hatt nokon gong.
Rekneskapen for 2020 er ikkje levert enno, men Torvik fortel at dei endar i pluss.

Les også:


Vi har ordrar inne på fem båtar til ein verdi på kring 30 millionar. Det synest vi er veldig bra

Publisert: 22.01.2021 16:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13