Sigurd Teige utvidar flaaten
Nytt

Sigurd Teige utvidar flåten

Herøy-reiar Sigurd Teige har kjøpt ringnotsnurparen Haugagut frå Austevoll.

07.12.2018
Kjøpet skjer gjennom reiarlaget Teigebris AS og Investeringsselskapet Sansibar AS.
Seljar er selskapet Drønen Havfiske, der familiane Kvannøy og Østervold i Torvangvågen er hovudeigarar.
Teige overtar både fartøy og kvoter.

Leikvin

I ei pressemelding blir det opplyst at Haugagut vil bli overtatt 18. desember. Fartøyet blir då omdøypt til Leikvin, som er eit namn som tidlegare har vore brukt i Teige-reiarlaget.
Teigebris AS eier fra før fartøyet Sjøbris som også innehar ringnot- og kolmulekonsesjon.
Inntil vidare er det planen å drifte fartøya slik som dei er i dag.

Vil behalde mannskapet

Sjøbris vil driftast frå Herøy, medan Leikvin vil driftast frå Austevoll ettersom mannskapet kjem derfrå.
Ringnotsnurperen Haugagut er eit av dei nyeste fartøya i den norske fiskeflåten, og vart overlevert frå danske Karstensen Skipsverft til Drønen Havfiske i 2015.
Fartøyet har ei lengde på 69,95 meter og breidde på 15,00 meter, og har ein RSW-kapasitet på 2075 kubikkmeter.
I pressemeldinga opplyser Drønene havfiske at salet har vore planlagt sidan i sommar, og at det har vore betydeleg interesse for kjøp av fartøyet.

Generasjonsskifte

Det vert opplyst at salet er eit ledd i gjennomføring av endringar i forbindelse med foreståande generasjonsskifte i reiarlaget.
Selskapet seier seg godt fornøgde med at fartøyet har fått ein ny eigar som legg opp til å drive båten vidare ut frå Austevoll, og utan at arbeidsplasser går tapt.
Drønen Havfiske omsette i 2017 for 51,7 millionar kroner, og hadde eit resultat ffør skatt på 15,3 millionar kroner.
Reiarlaget har ei over 50 år gamal historie, og selde båten Kvannøy då ein overtok nyebåten haugagut i 2015.

Publisert: 07.12.2018 14:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29