Sigurd Teige med 95 prosent i Medi 3
KONTROLL: Sigurd Teige sitt familieselskap Kaston har sikra seg rundt 95 prosent av aksjane i det private helseforetaket Medi 3. Har kjøpt seg kraftig opp i løpet av hausten. 
Nytt

Sigurd Teige med 95 prosent i Medi 3

Sigurd Teige sitt selskap Kaston har kjøpt ut nesten alle medeigarane i Medi 3.

11.12.2017
Kaston eigde i utgangspunktet 22,7 prosent helseforetaket. No er eig selskapet cirka 95 prosent av aksjane, stadfestar Sigurd Teige.
- Det kom signal om at dei (andre aksjonærar, red. merk) var interessert i å selje desse aksjane og då synst vi det var interessant, seier Teige.
Kaston kom inn som medeigar i 2011.

Hadde kontroll

Aksjeposten på 22,7 prosent sikra i realiteten Kaston kontrollen i Medi 3.
Medi 3 har to aksjeklassar, A og B, der berre A-aksjane har stemmrett på generalforsamlingane. Kaston eigde 65,6 prosent av A-aksjane før aksjekjøpa i haust. Teige er nøgd med at Kaston no eigd storparten også av B-aksjane, og er opne for å kjøpe også resten av aksjane.
- Det å få totalkontroll i selskapet syns vi var rett, seier han.
Det var storparten av dei øvrige aksjonærane. Nytt i Uka lukkast ikkje å få Teige i tale før artikkelen blei publisert, men Teige stadfestar avisa sine opplysningar.
Teige seier partane er samde om ikkje å gå ut med kva som er betalt for aksjane.

Skilde lag

Ein del av aksjonærane i Medi 3 er også eigarar av bygget som Medi 3 held til i fram til i haust.

No er Medi 3 i gang med å få pussa opp Hoffmannsgården like ved hurtigbåtkaia i Ålesund, medan konkurrenten Aleris flyttar inn i Medi 3 sine gamle lokale. Bygget som Aleris flyttar inn i er eigd av to selskap; H I Giørtz Sønner sitt datterselskap Sundgaten 12 A as og Quadriceps Eiendom as. Begge var også eigarar i Medi 3.
Til saman eigde H I Giørtz Sønner 27,5 prosent i Medi 3.
Quadriceps Eiendom - og eigarane der, eigde til saman 15,9 prosent i Medi 3.
Det å få totalkontroll i selskapet syns vi var rett

Publisert: 11.12.2017 15:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16