Signerte busskontrakt til 1 2 milliardar kroner
KONTRAKT: Hallstein Lillevik, områdesjef i Vy og Arild Fuglseth, samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune signerte busskontrakt for Ålesund, Giske, Sula og Skodje. 
Nytt

Signerte busskontrakt til 1,2 milliardar kroner

Kontrakten sikrar ti elbussar til byrutene i Ålesund, og auka satsing på kollektivtransport i Ålesund, Giske, Sula og Skodje.

16.07.2019
I dag signerte Møre og Romsdal fylkeskommune og Vy Buss AS kontrakten etter at selskapet vant anbodet om å levere rute- og skolekøyringa i kommunane Ålesund, Giske, Sula og Skodje frå 1. januar 2021.
– Kontrakten har ein årleg verdi på omlag 126 millionar kroner, og vil gjelde fram til 30. juni 2030.
Bussane skal køyre 3,4 millionar rutekilometer i året, fortel samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune, i ei pressemelding.

Fleire avgangar

Vy Buss er glade for å ha nådd opp i konkurransen om denne kontrakten.
- Vi ser fram til, i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunane, å vere med å utvikle kollektivtransporten i Ålesund, Giske, Sula og Skodje i åra framover.
- Denne anbodspakken viser at fylkeskommunen satsar i dette området med fleire avgangar og med fokus på miljøvennlege løysningar med både elektriske- og Euro 6– bussar, seier områdesjef Hallstein Lillevik i VY i pressemeldinga.

Fleire tek buss

Fylkeskommunen viser til at ein dei siste åra utvida rutetilbodet i Ålesund-området, og sidan 2013 har talet på bussreisande auka med 10,2 prosent.
Kontrakten gir rom for å auke rutetilbodet ytterlegare, både med hyppigare avgangar og lengre opningstid. Blant anna blir tre leddbussar tekne i bruk for å betre passasjerkapasiteten på Borgundvegen mellom Moa og sentrum.
Det blir opplyst at alle bussane som blir brukt i kontrakten skal tilfredsstille Euro 6-krava med tanke på utslepp.

Elbussar frå 2021

I tillegg skal ti elektriske bussar saman køyre minst 750.000 kilometer årleg frå 2021. Dette utgjer 22 prosent av den samla rutekøyringa.
Elbussane vil bli brukte på byrutene blant anna på strekninga Hessa-sentrum-Moa-Myrland.
Gjennom avtalen blir operatøren motivert til å bruke dei elektriske bussane så mykje som mogleg.

Stor utsleppsreduksjon

Kontrakten opnar også for at det kan settast inn ny og reinare teknologi i avtaleperioden.
Fylkeskommunen opplyser i pressemeldinga at miljøkrava vil gi ein reduksjon i utslipp frå bussane på 840 tonn CO2 per år. NOX blir redusert med 97,5 prosent og svevestøv (PM) blir redusert med 89%.
Bussane som skal bli brukte til rute- og skolekøyring i Ålesund, Giske, Sula og Skodje vil fortsette å vere profilerte som FRAM, kollektivmerkevara til fylkeskommunen.

Publisert: 16.07.2019 11:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37