Setter i gong dagleg baatrute A Alesund A Aheim
GABRIELE: Cruise Services meiner hurtigbåten Gabriele kan vere litt stor for ruta. Dei har difor også gjort avtale om ein mindre båt. 
Nytt

Setter i gong dagleg båtrute Ålesund-Åheim

Vil skifte mellom ytre og indre lei. Startar i august.

Marius Rosbach
10.07.2020
Cruise Service har bestemt at dei startar opp hurtigbåtrute mellom Ålesund og Stadlandet. I staden for Sandvika som endestasjon i sør, har dei gått for Åheim.
Oppstarten blir 10. august, noko seinare enn tidlegare antyda.

Vil vurdere etterspurnaden

I ei pressemelding fredag skriv Cruise Service at dei ikkje er heilt i mål med alle detaljar kring signalstopp og avtaler på alle kaier, men reknar med at det kjem på plass i løpet av dei neste vekene.
- Vi vil fortløpande vurdere etterspurnaden og grunnlaget for ruta, skriv selskapet.
Då planane blei kjent, fekk frå kommunar og andre som var positive til ruta - og gjerne ville ha ein stoppestad hos seg.

Sommar og vinterrute

Ruta vil skifte mellom ei sommar og ei vinterrute, slik.
Frå 1. mai til 30. september vil båten segle ytre leia over Flø, til Fosnavåg og Flåvær til Sandshamn og Åheim. Frå 1. oktober til 30 april vil den gå indre leia og ha stoppestad på Eiksund og Larsnes og Åramsundet.
Båten vil gå klokka 11 frå Ålesund og vere på Åheim klokka 13. Returen frå Åheim går klokka 13 og vil vere i Ålesund klokka 15.30. Det blir korrespondanse med hurtigbåten Selje-Bergen begge veger.

Les også:




Vi vil fortløpande vurdere etterspurnaden og grunnlaget for ruta

Publisert: 10.07.2020 15:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59