Sette spaden i jorda for kjempeanlegg for oppdrett
FØRSTE SPADETAKET: Styreleier  Tore A. Tønseth (nr. 2 f.v.) tok det første spadetaket saman med gründerane Jonny Småge (t.v.), Ingjarl Skarvøy, Per Olav Mevold og Kristofer Reiten.
Nytt

Sette spaden i jorda for kjempeanlegg for oppdrett

- Vi bygger industrihistorie, sa Salmon Evolution-direktør då byggestarten for det landbaserte opdrettsanlegget blei markert.

Marius Rosbach
20.05.2020

Tysdag blei spaden sett i jorda for første byggetrinn av det landbaserte oppdrettsanlegget til Salmon Evolution ved sjøkanten i Hustadvika kommune.

nettnohalf

Konstituert direktør Håkon André Berg erkjente at han meinte gründerane som tok initiativet var nokre drøymarar, som ikkje heilt hadde bakkekontakt, då han først fekk høyre om prosjektet.

Men han har innsett at det i høgste grad er realisme i det som blir eitt av Europas største landbaserte anlegg – som han no er satt til å leie.

- Vi bygger industrihistorie, og skal vere med å forandre ei fantastisk næring, sa Berg.

Har planar om fleire anlegg
I dag er det tidlegare steinbrotet ein aude grusplass, men maskinane frå tennfjordentreprenøren Aco Anlegg stod klare til å sette i gong arbeidet.

Totalleverandør for anlegget er Ålesund-baserte Artec Aquaog oppdraget er det klart største dei har jobba med. Salmon Evolution vil ha eineretten til å bruke teknologien og systema som er utvikla.

Samtidig har dei planar om fleire anlegg, som gjer at det kan blir fleire slike oppdrag framover for Arteq Aqua.

Artec Aqua-sjefen om Salmon Evolution-jobben: – Det er verkeleg stort for oss

Siktar mot børs
I første omgang er det behov for 1,3 milliardar for første byggetrinn. Bygginga er rekna å ta kring 18 månader, og i løpet av den prosessen siktar selskapet seg inn mot børsnotering.

I ein emisjon i mars blei det henta inn 258 millionar kroner i ny eigenkapital. Og snart er det klart for ny kapitalinnhenting.

Prislappen på heile investeringa er tidlegare opplyst å vere kring tre milliardar kroner fullt utbygd - men sidan då er planane utvida noko.

Stor kapasitet
Når det landbaserte oppdrettsanlegget i det som no heiter Hustadvika kommune, er heilt ferdig vil det produsere kring 36.000 tusen tonn sløyd laks i året.

Første byggetrinn gir ein kapasitet på 9000 tonn årleg. Etter planen skal første slakting skje seint i 2022.

Romsdalsfisk, som var største eigar før kapitalutvidinga, eig no 18,8 prosent. Brønnbåtreiar Roger Halsebakk sitt investeringsselskap, Ronja Capital, er største eigar med 19,6 prosent. Konkurrenten Rofisk er også med og gjekk inn på eit tidlegare tidspunkt. Dei eig no 12,6 prosent.


Publisert: 20.05.2020 12:16

Sist oppdatert: 21.06.2021 10:52