Sette meir fart paa automatiseringa
SJØMAT: Kabaret, sild- og makrellprodukt står på menyen til Gjendemsjø Seafood, som investerer i å automatisere produksjonen. 
Nytt

Sette meir fart på automatiseringa

Etter å ha investert tre millionar årleg i å automatisere produksjonen over fleire år sette Gjendemsjø Seafood enda større fart i fjor.

25.06.2018
I fjor vart det investert rundt fem millionar kroner i ytterlegare automatisering, mellom anna av pakkeprosessen, hos Gjendemsjø Seafood.
Dei fem år før har selskapet investert tre millionar i året på å automatisere produksjonen.

Investeringane vart tatt over drifta, som forklarer nedgangen i lønsemd i fjor (sjå tabell).
Selskapet har også nedgang i driftsinntektene. Det skuldast at selskapet har slutta selje produkt andre har laga og satsar berre på eigenproduserte sjømatprodukt. Den delen av verksemda veks, og dagleg leiar og medeigar Leidulv Longva seier han er godt nøgd med utvikling også i fjor.
I år budsjetterer selskapet med 63 millionar kroner i driftsinntekter og auka lønsemd.

Nye produkt

Dei store investeringane i automatisering av produksjonen er i ferd med å bli fullført i denne omgang.
Framover vil merksemda først og fremst vere retta mot produktutvikling av sjømatprodukt basert på sild og makrell. Men nye produkt og pakninger utløyser gjerne behov for nytt produksjonsutstyr og system, slik at Gjendemsjø reknar med at det også framover er naudsynt med investeringar i automatisering.
I vår fekk Gjendemsjø Seafood Norges Sildesalgsalg sin marknadspris for utviklinga av silde- og røykte makrellprodukt, der selskapet i dag er blitt den største norske aktøren i marknaden.
No er selskapet i gang med eit toårig prosjekt for å få meir sild- og sildeprodukt ut i handelen.

Fleire bein

Gjendemsjø Seafood har to anlegg i Haram, eitt ved Brattvåg og eitt på Fjørtofta. Tilsaman er det 14 tilsette i produksjonen.
Sjømatprodusenten er eigd av eigedomselskapet Gjendemsjø as, som i sin tur er eigd av Longva Invest. Leidulf Longva eig 80 prosent av aksjane i Longva Invest.
I tillegg til sjømatproduksjon driv Leidulf Longva andre verksemder under Longva Invest-paraplyen; utleige av næringsbygg i Brattvåg (til bilverkstad og byggvarehus) og eit entreprenørfirma (Sunnmøre Anlegg as) med fire tilsette. Selskapet har og ei næringstomt under utvikling ved Brattvåg.
I fjor hadde konsernet eit samla driftsresultat på 2,5 millionar kroner.

Publisert: 25.06.2018 06:00

Sist oppdatert: 15.06.2021 14:49