Sette kurs for Danmark
UT PÅ TUR: Cruiseskipet til Lindblad Expeditions har vore ute på fleire prøveturar. Fredag la det ut Breisundet med kurs for Skagen, ifølgje AIS-sporinga.
Nytt

Sette kurs for Danmark

Cruiseskipet som er levert frå Ulstein Verft, la ut på seglas. Men det er framleis lenge til første ordinære cruise.

Marius Rosbach
06.11.2020
Fredag ettermiddag la cruiseskipet Nathional Geographic Endurance frå kai i Ulsteinvik og segla ut Breisundet. Ifølgje om bord, hadde skipet kurs for Skagen i Danmark.
Det har likevel ikkje teke farvel med byggeverftet for godt, ifølgje kommunikasjonssjef Tonje Øyehaug Ruud i Ulstein Group. Ho opplyser at skipet skal vekk nokre dagar for å gi plass ved kaia. Der skal det i helga vere utdokking av kabelskipet Nexans Aurora, og inndokking av eit nytt cruiseskip.
Nathional Geographic Endurance blei levert til Lindblad Expeditions allereie i mars, men grunna koronapandemien, har det naturleg nok ikkje vore mogleg å reise på cruise.

Satsar på første cruise i april

For få dagar sidan la Lindblad fram der dei viste til at tapa som følgje av dei kansellerte seglasane med cruiseskipet, låg bak delar av det svekka resultatet.
Dei opplyste samtidig at alle cruise til Antarktis for 2020/21-sesongen var avlyst. Sesongen startar seinhaustes og varar typisk til mars månad.
No satsar dei på å starte dei første ordinære seglasane med det Ulstein-bygde X-Bow-skipet i april, ifølgje nettstaden .

Utrustar systerskip

Skipet er 124 meter langt og 21 meter breitt. Om bord blir det plass til 126 passasjerar og eit mannskap på 112 personar.
Nyleg kom , til kai ved verftet i Ulsteinvik. Begge skipa er bygd for ekspedisjonseglaser med isklassa PC5. Det betyr at de kan segle under bestemte isforhold heile året i polare farvatn.
Tidlegare er det annonsert opsjon på eit skip nummer tre, men det er ikkje kjent om dei planane blir gjennomført.

Les også:





Publisert: 06.11.2020 21:16

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:12