Sette fangstrekord for tobisfiske
REKORD: Nordsjøbas tok tobisfangst til 4,8 millionar kroner. Det er ny rekord.
Nytt

Sette fangstrekord for tobisfiske

Herøybåten Nordsjøbas har sett omsetningsrekord for ein tobisfangst gjennom Sildelaget. Og no får ein fiske mykje meir.

13.05.2019
- Utruleg gledeleg begge deler, seier reiar Olav Remøy.
Tobisfangsten på 1600 tonn vart levert til Karmsund Protein på Karmøya. Med ein pris på 2,97 kroner kiloen, så var samla fangstverdi 4,8 millionar kroner. Det er ny rekord.
- I fjor fekk vi i snitt 2,25 kroner kiloen for tobisen, så det er snakk om ein kraftig prisauke.

Meir enn kvotedobling

I utgangspunktet var den norske kvoten sett til 55.000 tonn, men no er dette auka til heile 125.000 tonn.
- Dette var meir enn forventa, og svært gledeleg, seier Remøy.
Auken kom etter at Havforskingsinstituttet har gjennomført forskingstokt med Eros, ein annan herøybåt.

Håper på godt tobisvêr

Auken betyr også at Nordsjøbas kan fiske totalt 6.500 tonn tobis, og at båtane som var ferdige med kvoten på nytt kan gjere seg klare for tobisfiske.
- No er det berre å håpe på godt tobisvêr framover, seier Remøy.
Han seier at dette gjerne er sol og stilt.
- Kulde og nordavind er derimot slett ikkje bra.

Slutt til jonsok

Tobisen ligg mesteparten av livet nedgravd i sand eller botn med smågrus. Fisken kjem opp om våren, og det er då tobisfisket pågår.
- Sesongen varer frå 15. april til jonsok, då tobisen stikk ned i sanden att, seier Remøy.
Tobisflåten er samla på Klondykefeltet, som ligg sør-sørvest for Egersund.
No er det berre å håpe på godt tobisvêr framover

Publisert: 13.05.2019 16:13

Sist oppdatert: 17.06.2021 18:46