- Dette er veldig spennande og noko vi har stor tru på, seier dagleg leiar Svein-Rune Gjerde i Herøy-selskapet.
For to år sidan vart han kontakta av det sør-afrikanske diamantselskapet De Beers om å teikne eit spesialskip for å leite etter diamantar utanfor elva Orange River i Namibia.
Men Svein-Rune Gjerde trur dette er berre starten. Han har sett av fleire av sine tilsette til å jobbe med spesialskip til ulike gruveselskap.
- Vi satsar no bevisst på denne nisja, seier Gjerde.
Ordrereserven for 2015 er på rundt 220 millionar kroner, om lag 2/3-deler av dette er knytt til bygging av offshoreskip.
- Her forventar vi labrare aktivitet framover. Derfor har vi dei siste åra arbeidd med skip for nye marknadssegment og vi har no intensivert denne satsinga. Vi ser no på nye mulegheiter, seier Gjerde.
- Vi satsar til dømes ikkje på brønnbåtar. Når det gjeld fiskebåtar, så har vi levert linebåtprosjekt og desse vil vi vidareutvikle og vil vere ute i marknaden med.
- Vi ønskjer ikkje å spreie oss vidt utover, men vere best på ein del område.
- Det ligg enorme mengder mineral og edelmetall på og under havbotnen. Det er berre spørsmål om å finne dei rette tekniske løysingane for at desse ressursane skal utvinnast.
Gjerde meiner at designselskap som har jobba med avanserte offshoreskip har ein fordel når ein skal utvikle nye gruveskip.
- Ja, mykje av kunnskapen frå offshore, spesielt frå aktivitetar på djupt hav, kan overførast til gruveindustrien.
- Mellom anna er det store mengder i Norskehavet. Desse ressursane kan verte ein del av den framtidige olje- og gassnæringa.
Andre stader er det store jarnforekomstar.
- Med dei rette løysingane kan det byggast store jarngruver på havbotnen.
- Det finst enorme mulegheiter også for ei rekkje andre metall og mineral.
- Vi ser på fleire ulike selskap og miljø.
Gjerde ser for seg at det kjem til å verte bygd mange gruveskip i åra framover. Han meiner at norske verft er godt posisjonerte til å få byggjeoppdrag.
- Dette er spesialskip, og vil i mange tilfelle ha mykje til felles med offshore spesialskip. Dette vil passe norske verft godt.
Han meiner at her finst det også mulegheiter for norske reiarar.
- Ja, desse skipa skal både ha eigarar og sjøfolk. Norske reiarar og norske sjøfolk bør her sjå seg om etter nye mulegheiter, seier Gjerde.
For to år sidan vart han kontakta av det sør-afrikanske diamantselskapet De Beers om å teikne eit spesialskip for å leite etter diamantar utanfor elva Orange River i Namibia.
- Berre starten
Skipet er no under bygging ved Kleven i Ulsteinvik, eit 113 meter langt og 22 meter breidt spesialskip som kan drive diamantleiting på 100 til 150 meters djupne. Det skal også utvinnast gull og platinum.Men Svein-Rune Gjerde trur dette er berre starten. Han har sett av fleire av sine tilsette til å jobbe med spesialskip til ulike gruveselskap.
- Vi satsar no bevisst på denne nisja, seier Gjerde.
Labrare i offshore
Selskapet har 65 tilsette i Herøy og førti i Polen. I tillegg har ein eit nittitals ingeniørar innleigde både frå Polen og Kroatia som jobbar for seg.Ordrereserven for 2015 er på rundt 220 millionar kroner, om lag 2/3-deler av dette er knytt til bygging av offshoreskip.
- Her forventar vi labrare aktivitet framover. Derfor har vi dei siste åra arbeidd med skip for nye marknadssegment og vi har no intensivert denne satsinga. Vi ser no på nye mulegheiter, seier Gjerde.
Satsar ikkje breidt
Selskapet har fått fotfeste innanfor yachtmarknaden og satsar også på mindre cruiseskip. Men i tillegg er det gruveskip som er i fokus.- Vi satsar til dømes ikkje på brønnbåtar. Når det gjeld fiskebåtar, så har vi levert linebåtprosjekt og desse vil vi vidareutvikle og vil vere ute i marknaden med.
- Vi ønskjer ikkje å spreie oss vidt utover, men vere best på ein del område.
Store ressursar
Han meiner at ein berre har sett den spede starten på offshore gruvedrift.- Det ligg enorme mengder mineral og edelmetall på og under havbotnen. Det er berre spørsmål om å finne dei rette tekniske løysingane for at desse ressursane skal utvinnast.
Gjerde meiner at designselskap som har jobba med avanserte offshoreskip har ein fordel når ein skal utvikle nye gruveskip.
- Ja, mykje av kunnskapen frå offshore, spesielt frå aktivitetar på djupt hav, kan overførast til gruveindustrien.
- Enorme mulegheiter
Han viser til at det mellom anna finst enorme mengder isklumpar med hydrokarbonar på havbotnen.- Mellom anna er det store mengder i Norskehavet. Desse ressursane kan verte ein del av den framtidige olje- og gassnæringa.
Andre stader er det store jarnforekomstar.
- Med dei rette løysingane kan det byggast store jarngruver på havbotnen.
- Det finst enorme mulegheiter også for ei rekkje andre metall og mineral.
Søkjer partnerar
For å vere i front på denne utviklinga ønskjer Marin Teknikk å inngå partnerskap med teknologi- og utviklingsmiljø.- Vi ser på fleire ulike selskap og miljø.
Gjerde ser for seg at det kjem til å verte bygd mange gruveskip i åra framover. Han meiner at norske verft er godt posisjonerte til å få byggjeoppdrag.
- Dette er spesialskip, og vil i mange tilfelle ha mykje til felles med offshore spesialskip. Dette vil passe norske verft godt.
Han meiner at her finst det også mulegheiter for norske reiarar.
- Ja, desse skipa skal både ha eigarar og sjøfolk. Norske reiarar og norske sjøfolk bør her sjå seg om etter nye mulegheiter, seier Gjerde.
Norske reiarar og norske sjøfolk bør her sjå seg om etter nye mulegheiter
Publisert: 14.04.2015 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:43