Ser stor marknad i aa strippe offshoreskip
SER NY MARKNAD: Konsernsjef Rolf Fiskerstrand saman med verftsdirektør Magne Standal ved Fiskerstrand Verft.
Nytt

Ser stor marknad i å strippe offshoreskip

Rolf Fiskerstrand ser store moglegheiter ved å gå for ei «mellomløysing» når det kjem til skraping av offshoreskip.

Marius Rosbach
22.01.2021
Det kom fram i den nyaste episoden av , der Fiskerstrand gjesta studio saman med Herøy-reiar Stig Remøy.
I staden for å resirkulere skip med ei meir omfattande demontering, meiner Fiskerstrand det kan vere smart å strippe skipa, men behalde skroget – som så kan byggjast om til andre formål.
– Der ser vi ein stor marknad. Det kan vere at ein offshore-supplybåt passar ypparleg til å bruke i havbruk. Vi har sjølv bygd om eit slik fartøy, seier han.
Fiskerstrand meiner samtidig at forslaga om eit større fond for skraping - som mellom anna Stig Remøy har fremma - er godt.

Vil ha meir nærleik til verkemidla

Remøy og Fiskerstrand er samde om at eit samanslått GIEK (Garantiinstituttet for Eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge blir lagt til Ålesund. Dei påpeiker at det er eit politisk uttalt mål frå regjeringa om å satse på havnæringane.
Då meiner dei det er avgjerande at det største miljøet i maritim industri her til lands, får meir nærleik til verkemiddelapparatet når dei to statlege institusjonane skal moderniserast.
– I løpet av dei 20-30 neste åra, vil den grøne bølgja kanskje skape 30 millionar nye arbeidsplassar. Det er her det kjem til å skje, og då må vi vere frampå og ha det gode apparatet rundt oss til å hjelpe, seier Fiskerstrand.

Kritisk til GIEK

Stig Remøy er kritisk til korleis GIEK opererar og har omtala dei som.
Herøy-reiaren viser til det grøne skiftet, og at Norge har forplikta seg til ein rekke klimakrav som vil bli innført dei neste tiåra. For å nå desse, meiner han den maritime industrien vil spele ei avgjerande rolle.
– Det har kanskje aldri vore så store moglegheiter i norsk maritim næring som det er no, og eg er veldig usikker på om alle ser dei moglegheitene, utdjupar Remøy i podcasten.

Les også:




Det har kanskje aldri vore så store moglegheiter i norsk maritim næring som det er no, og eg er veldig usikker på om alle ser dei moglegheitene

Publisert: 22.01.2021 10:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13