Ser paa tettare kraftsamarbeid
KRAFT: Konsernsjef Johannes Rauboti i SFE er positiv til å sjå på eit tettare samarbeid mellom dei store kraftselskapa i Sogn og Fjordane og Hordaland.
Nytt

Ser på tettare kraftsamarbeid

Sogn og Fjordane Energi betalar ut 77 millionar i utbyte, og vurderer tettare samarbeid med Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK).

23.03.2017
BKK eig i dag 38,54 prosent av Sogn og Fjordane Energi (SFE), der Sogn og Fjordane fylkeskommune er majoritetseigar med 48,54 prosent av aksjane.
No er dei to hovudaktørane samde om å greie ut mulegheitene for eit tettare samarbeid mellom produksjonsverksemdene over fylkesgrensene.

Vil verne om verdiane

I ei pressemelding frå SFE vert det vist til at då Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar vedtok intensjonsplanen om å slå seg saman til éin region, var det semje om å halde verdiane av SFE utanfor etableringa av den nye regionen.
Fylkeskommunen arbeider no med å greie ut ulike modellar for å sikre at verdiane i SFE-eigarskapen kan bli verande i dagens Sogn og Fjordane fylke, vert det fastslått.
Samstundes vurderer BKK sin strategi for selskapa som inngår i Vestlandsalliansen, herunder om mogleg å få til ei tettare samordning av produksjonsverksemdene.
– Det har vore viktig i regionsprosessen at Sogn og Fjordane får ta del i den framtidige verdiskapinga i SFE. Vi vurderer ulike modellar som kan sikre dette, og nemnde utgreiingsarbeid vil kunne bli eit viktig bidrag inn i den pågåande fylkeskommunale prosessen, seier fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, Tore Eriksen, i pressemeldinga.

- Effektiv drift

Konsernsjef Jannicke Hilland i BKK er glad for at SFE og BKK no skal utgreie tettare samarbeid mellom selskapa.
– Både marknaden og rammevilkåra endrar seg raskt. Då må vi som selskap også endre oss. Difor vurderer vi ulike alternativ for samarbeid innan vasskraftproduksjon. For oss er det viktig å leggja til rette for gode kompetansemiljø, effektiv drift og auka verdiskaping.
- Vi må finne løysingar som sikrar verdiar og arbeidsplassar i heile regionen, seier Jannicke Hilland.

Er open for gode løysingar

I SFE peikar konsernsjef Johannes Rauboti på at dei har ein god dialog med sine eigarar, og at dei stiller seg positive til den utgreiinga dei to største eigarane no ønskjer.
– Den beste måten vi kan sikre arbeidsplassar og verdiskaping inn i framtida er å drive effektivt og vere best mogleg skodd for utvikling.
- Med den utviklinga som skjer i energisektoren, er det naturleg å orientere seg om moglegheiter for samarbeid med selskapa rundt oss. Vi vil derfor være opne for å finne gode samarbeidsløysingar både med BKK og kraftselskapa i Sogn og Fjordane, seier Rauboti.

Resultathopp

SFE-konsernet omsette i fjor for vel 1,2 milliardar kroner, og sat att med eit resultat før skatt på 358 millionar kroner, 147 millionar kroner betre enn året før.
Av resultatet før skatt kjem 239 millionar kroner frå energidelen, medan 96 millionar kjem frå nett. Dei øvrige 22 millionane kjem frå øvrige tenester.
Johannes Rauboti forklarer dei gode tala med høg produksjon og høgare prisar.
Kraftproduksjonen enda på 2 117 GWh, noko som er 55 GWh høgare enn i 2015. Samstundes var systemprisen – den gjennomsnittlege prisen på straumbørsen Nord Pool – 6,2 øre høgare i 2016 enn i 2015.
– Resultatet er veldig godt sett i lys av dei rådande marknadsforholda. Sjølv om kraftprisane var høgare enn året før, er dei framleis relativt låge sett i eit historisk perspektiv. Men kombinert med stor produksjon gir det likevel eit godt resultat, seier Rauboti.

Utbyteauke

I tillegg til dei to dominerande eigarane, er sju kommunar medeigarar i SFE. Størst av desse er Flora kommune med 3,3 prosent, føre Bremanger kommune med 2,4 prosent.
Askvoll eig 1,44 prosent, Selje 1,39 prosent, Eid 0,14 prosent, Naustdal 0,07 prosent og Gloppen 0,03 prosent. I tillegg har Gloppen eigarskap gjennom Gloppen Energi som eig 3,3 prosent av SFE.
No kan eigarane fordele eit utbyte på 77 millionar kroner, 17 millionar meir enn i fjor. 37 millionar kroner av utbytet går til Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Den beste måten vi kan sikre arbeidsplassar og verdiskaping inn i framtida er å drive effektivt og vere best mogleg skodd for utvikling

Publisert: 23.03.2017 08:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07