Ser lysning for verftsindustrien
ÅLESUND: Erik Tønne trur på stor nybyggingsaktivitet framover, og innanfor offshore har han spesielt god tru på nye prosjekt innan offshore vind.
Nytt

Ser lysning for verftsindustrien

Analysesjef Erik Tønne i Clarkson Platou meiner at det skal byggjast mange fleire skip framover, og at heller ikkje offshorebransjen er død.

06.11.2018
- Vi trur ikkje vi kjem tilbake til den tida der reiarar bestilte serier med PSV-ar på spekulasjon.
- Vi trur heller ikkje at bygginga av ankerhandterarar kjem tilbake.
- Men det vert ein del prosjekt for store PSV-ar og innanfor subsea.

Ingen oljestopp

Det sa Erik Tønne under Verftskonferansen i Ålesund tysdag.
Aller mest optimistisk var han for offshore vind.
- Her vil det verte mange oppdrag, men for verfta vil uansett cruise, fisk og ferje vere viktig i mange år framover.
Han meinte også at det vil gå lang tid før oljeetterpørselen vil avta, og der det spesielt er auke atterspørsel i Asia.
- Det er stort fokus på miljø, men vi meiner at oljeetterspørselen vil halde fram å vekse i lang tid framover.
- I alle fall vil det vere ein auke dei neste fem til ti åra.

- Treng fleire skip

Tønne meinte også at behovet for infrastrukturinvesteringar er aukande, og vil vekse kraftig framover.
Det same med sjøtransporten.
- Mange snakkar om flytting av produksjon og 3D-printing, men vi er trygge på at veksten vil halde fram.
- Og då treng vi fleire skip, sa Tønne.

- Gir meining å byggje

Om dette stemmer, er det godt nytt for verdas skipsverft, der antalet har gått kraftig ned siste åra.
Spesielt har det forsvunne mange av dei mindre verfta.
- Dei store drivarane for auka skipsbygging er positive.
- Vi ser også betra lønsemd fordi at fraktmarknaden er betre og nybyggingsprisane er lave.
- Difor gir det no meining for reiarane å byggje fleire skip, sa Tønne.
Det er stort fokus på miljø, men vi meiner at oljeetterspørselen vil halde fram å vekse i lang tid framover

Publisert: 06.11.2018 13:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27