Ser lysare paa framtida enn resten av Vestlandet
OPPGANG: Møbelbransjen med Ekornes i spissen har opplevd stor auke i etterspurnaden dei siste månadene. Samla er det likevel en nedgang i Vestlandsindeksen som konserndirektør Ragnhild Fresvik i Sparebanken Vest la fram måndag. 
Nytt

Ser lysare på framtida enn resten av Vestlandet

Møre og Romsdal skil seg ut blant dei tre fylka, og tala tyder på at maritim næring ser nye moglegheiter.

Marius Rosbach
23.11.2020
Vestlandsindeksen er Sparebanken Vest sin kvartalsvise temperaturmålar på tilstanden for næringslivet i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.
Både i Hordalands-regionen, Rogaland og tidlegare Sogn og Fjordane fylke opplever eit fall i framtidsutsiktene i siste utgåve av undersøkinga.
Møre og Romsdal er einaste regionen med oppgang både på resultat- og forventningsindeks. Det er spesielt etterspurnad og investeringar som trekker opp her i fylket. Tall over 50 betyr betring i økonomien. Ein resultatindeks på 56,9 og forventingsindeks på 56,6, er likevel betydeleg under det historiske snittet.

Betring for maritim næring

I førre kvartal var framtidsutsiktene særleg negative for bedriftene med mykje omsetning i maritim verksemd. Resultatindeksen i denne bransjen stig frå 46,8 til 49,5, noko som framleis betyr ei negativ utvikling.
Forventningsindeksen i bransjen gjer eit byks frå 48,6 til 54,8 poeng i bransjen. I maritim næringa er det spesielt mange bedrifter som ventar auka investeringar neste halvår, og ein firedel ventar investeringar i nye forretningsområde.
– Tala illustrerer igjen at maritim næring er omstillingsdyktig og klar for å satse på nye områder, heiter det i rapporten.

Auka smitte – spesielt i Hordaland

Tittelen på månadens rapport er «Gjeninnhentingen satt på pause», og det er Hordaland – med Bergen i spissen – som opplever den største nedgangen.
Banken meiner utviklinga skuldast ein meir krevjande smittesituasjon i haust, enn i sommar. Samla sett har hausten blitt meir krevjande enn bedriftene såg føre seg i førre kvartal.
Resultatindeksen for alle tre fylka samla fallet frå 55,1 til 54,6. Forventingsindeksen for alle fylka faller frå 56,8 til 54,9. Begge delar er godt under det historiske snittet for undersøkinga.

Store skilnader mellom bransjar

Det er betydelege skilnader mellom bransjane. Reiselivsbedriftene opplever ein kollaps i resultatindeksen frå førre kvartal, medan tenesteyting har ein oppgang på fem poeng.
For tre bransjar – «overnatting- og servering», «jordbruk, skogbruk og fiske», og «shipping, transport og lagring» - har forventningane aldri vore lågare, heiter det i (lenke til PDF-fil).

Tidlegare utgåver av Vestlandsindeksen:




Tala illustrerer igjen at maritim næring er omstillingsdyktig og klar for å satse på nye områder

Publisert: 23.11.2020 08:45

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:45