Ser ikkje kva reiarlaget kunne gjort annleis
I RETTEN: Aktor Magne Kvalvik og forsvarar Maria Elena Kvalen i Sunnmøre tingrett onsdag. 
Nytt

Ser ikkje kva reiarlaget kunne gjort annleis

Nordnes-reiar fortel at prosedyrane blei brote då ein av mannskapet døydde og ser ikkje kva reiarlaget kunne gjort annleis.

Marius Rosbach
23.01.2020
Reiarlaget Nordnes på Valderøya møtte onsdag i Sunnmøre tingrett for å svare på kva som skjedde då ein av mannskapet døydde under arbeid på trålaren Nordstar 10. juni 2018.
Påtalemakta meiner at reiarlaget har brote skipssikkerheitslovas paragraf 62 og latt vere å legge til rette for at omsynet til liv og helse blei teke i vare.
Reiarlaget fekk eit førelegg på to millionar i mars i fjor, som dei nekta å vedta. Når dei no møtar i retten, – i tillegg til oppreisning til dei etterlatne.
Dagleg leiar Tormund Grimstad teikna eit bilde av den avdøde som ein erfaren, kunnskapsrik og handlekraftig mann.
– Ein fantastisk mann og ein god kamerat, sa Grimstad og fortalde korleis avdøde blei ein ressurs, som sjølv fekk velje kva for turar han var med på.

Meiner prosedyrane ikkje blei følgt

Likevel gjekk det heilt galt då avdøde tok seg inn i ein tank i samband med vask av tanken. Tanken inneheldt restråstoff frå fisk som er tilsett eit stoff som skal betre haldbarheita.
Ifølgje førelegget skal den tilsette ha svimt av kort tid etter han gjekk inn i tanken og blei liggande med hovudet under ensilasjerestane i fleire minutt før han døydde.
Korleis kunne det gå så galt som det gjekk, meinte Grimstad det var vanskeleg å gi noko eksakt svar på då han blei spurt ut i rettssalen.
– Det er mi overtyding at prosedyrane ikkje er følgt. Min jobb er å legge til rette som best vi kan for at slike ting ikkje skal skje, men eg ser ikkje kva vi kunne gjort annleis. Frå reiarlaget sitt synspunkt er alt gjort rett, sa Grimstad.

Fylte ikkje ut sjekkliste

Mannskapet får opplæring når dei kjem om bord og har mellom anna ei eiga sjekklista for arbeid i tank.
Bistandsadvokat Øyvind Vidhammer påpeika at avdøde gjekk inn i tanken utan at det blei fylt ut ei slik sjekkliste av ein offiser - og ville vite korleis det kunne skje.
– Om du spør meg kva ein synest som brot på sikkerheitsrutinane om bord, så kan eg gjerne svare på det – om det er det du spør om, repliserte Grimstad.
Også skippar på turen – reiarens eldste son – var klar på at avdøde hadde entra tanken i brot med alle prosedyrar.

Peika på andre moglegheiter

Aktor Magne Kvalvik spurde også skipsføraren om korleis det kunne skje at ein person gjekk inn i tanken.
– Det er vanskeleg for meg å seie, men eg trur det er nokon som har tenkt at «dette er berre fort gjort», svarte skipperen.
Reiar Tormund Grimstad fortalde vidare at han hadde fått opplyst at avdøde sjekka oksygennivået i tanken. Han var overtydd om avdøde – som ein erfarent mannskap - hadde forsikra seg om at det var trygt å gå inn i tanken.
– Eg meiner det er like sannsynleg at han fekk eit blodtrykksfall eller hjarteinfarkt, la Grimstad til.

Hadde gjennomført ulike kontrollar

Bistandsadvokaten påpeika at hovudtemaet i saka var tryggleiksrutinar i samband med arbeid i tankar. Han ville difor vite om det var gjort risiko og sårbarheitsanalyse kring dette konkrete arbeidet.
Det kunne ikkje reiaren svare på, men skipperen var etterpå klar på at det var gjort analyse av arbeidet generelt, saman med årlege internrevisjonar i tillegg til kontrollar med Sjøfartsdirektoratet.
Han forklarte også korleis dei tok stikkprøver og «grilla» mannskapa, sjølv om han ikkje kunne svare konkret på om det gjaldt personane som var involvert i dødsulukka.
Men skipperen hadde også sjølv hatt gjennomgang av sikkerheitssystemet med avdøde eit år eller to i forkant av ulukka.

Les meir:


Min jobb er å legge til rette som best vi kan for at slike ting ikkje skal skje, men eg ser ikkje kva vi kunne gjort annleis

Publisert: 23.01.2020 08:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51