Ser etter servicemekanikarar
VEKST: Kjell Norvoll i Nogva Motorfabrikk-konsernet seier aktiviteten i marknaden er på veg tilbake til nivået frå før koronaepidemien kom. 
Nytt

Ser etter servicemekanikarar

Hadde Kjell Norvoll fått 10 godt kvalifiserte serviceteknikarar på døra hadde han tatt ein prat med alle saman. Nogva Motorfabrikk satsar meir på ettermarknaden.

30.06.2020
- Eit utruleg potensiale, seier Nogva Motorfabrikk-sjef Kjell Norvoll om korleis selskapet vurderer marknaden for inspeksjon, vedlikehald og reparasjon av motorane selskapet har levert.
Det er ein marknad selskapet satsar meir på framover, og det betyr fleire folk. 5-10 nye stillingar er sannsynleg i løpet av året, i følgje Norvoll. Så sant han finn folk med dei rette kvalifikasjonane meiner han det ikkje er problem å få inn oppdrag til alle saman i ettermarknaden.
Konsernet har i dag omlag 120 tilsette.

Vekst

2019 blei eit nytt år med vekst for Nogva Motorfabrikk-konsernet. (Sjå tabell. På mobil finn du tabellen nederst på sida)

- Vi har bemanna litt opp litt og gjer det framleis. Vi har framleis god aktivitet og det ser jammen santen ikkje så verst ut framover heller, seier Norvoll.
Koronaepidemien og tiltaka mot den dempa aktiviteten i ein periode, men selskapet permitterte ikkje, og no er aktiviteten på veg tilbake til nivået før koronaepidemien kom.

Utvidar i Molde

For tre år sidan kjøpte Nogva Motorfabrikk aksjemajoriteten i motorprodusenten Heimdal Propulsion i Molde (no Nogva Heimdal Propulsion). Til saman gjer dette at selskapet kan levere motorar frå til dei minste båtane til store forsyningsskip.
I Årødalen i Molde er selskapet i ferd med å reise eit nytt industribygg som skal romme Nogva Heimdal Propulsion, som flyttar ut av leigde lokale. Det er ei investering på i overkant av 30 millionar kroner.
Ved hovudkontoret i Søvika har konsernet og klargjort 8-10 mål for utbygging, der det førebels ikkje er avgjort kva som skal byggast.

Oppdrett og eksport

Omlag 45 prosent av driftsinntektene til konsernet kjem frå havbruksnæringa. Eksportandelen er 36 prosent og aukande.
I fjor av Norvoll til NETT NO at eigen produksjonskapasitet var ein flaskehals for veksten. Det er tilfelle også i år, og selskapet har leigd meir maskineringskapasitet hos underleverandørar, seier Norvoll.
Vi har framleis god aktivitet og det ser jammen santen ikkje så verst ut framover heller

Publisert: 30.06.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59