Ser delte utsikter for norske verft
ÅLESUND: Halvard Aas (til v.) og Hugo Strand sit i styret i Norske Skipsverft. Dei ser at utsiktene i norsk verftsnæring er delt, der dei store slit og dei små og mellomstore gjer det betre. 
Nytt

Ser delte utsikter for norske verft

Hugo Strand og Halvard Aas i Norske Skipsverft trur at små og mellomstore verft vil ha ein god periode framover. Dei er meir bekymra for dei store verfta. 

Kristin Vidhammer
07.09.2017
Situasjonen i norsk verftsnæring er delt ifølgje styreleiar Hugo Strand og nestleiar Halvard Aas i bransjeforeininga Norske Skipsverft.
- Dei store verfta slit, det er bekymringsfullt. Dessverre trur vi at vi ikkje har sett enden på problema. Vi håper at dei klarer omstillinga mot nye segment, som exploration- og cruiseskip, og blir lokomotiv i desse segmenta slik dei har vore innan offshore, seier dei.
Det er tid-, energi- og kostnadskrevande for dei store verfta å gå gjennom ei omstilling.
- Det vi ser er at dei store cruiseverfta i Finland, Italia og Frankrike har ein god ordresituasjon dei neste fem åra, og at dei store norske verfta burde ha kome lenger innanfor dette segmentet. Men dessverre heng dei også fast i en del problem frå offshore-boomen.

Bedre utsikter for dei mindre verfta

Heldigvis klarer dei små og mellomstore verfta seg betre.
- Nokre gjer det veldig bra. Tidlegare sa ein at ein måtte vere stor for å overleve, men det viser seg å vere feil. Å vere dyktig går ikkje på storleiken. Dei mellomstore og små verfta har også hatt ein fordel ved å heile tida vore i fiskeri- og havbrukssegmentet, som går bra. Dermed har dei også eit forsprang i dette segmentet, seier dei.
Veldig mange av desse verfta har også spesialisert seg på eigne nisjer og båttypar, med eige design.

Tett samarbeid med brukarane

- Dette gjer dei i nært samarbeid med reiarlaga, noko som har gitt dei ekspertise og kontinuitet og dermed står sterkare i vidareutviklinga. Dette i motsetning til å måtte plukke opp eit og eit prosjekt slik som mange av dei større verfta no må gjere.
Både Fiskerstrand Verft, Aas Mek. Verksted og Fitjar Mekaniske er eksempler på verft som har utvikla eigne design og satsa på nisjer. Aas Mek. har vore tru mot brønnbåtbransjen, slik Fiskerstrand Verft har vore tru mot ferjer.
- Det er ingen av desse som angrar på dette, seier dei.

Moglegheiter for verft som vil utvikle verdikjeden

- Vi trur det kan bli humpete framover for ein del verft, men vi trur også at det er moglegheiter for dei skipsverfta som vil satse og utvikle verdikjeden opp mot både eige design eller i retning av skrogbygging.
Det gir meir kontroll og reduserer risikoen i prosjekta, slik at innteninga blir betre.
- Det er mange som har tapt mykje pengar på dårleg design og dårleg skrogbygging-gjennomføring. Derfor håpar vi at fleire vil satse på å utvikle verdikjeden.

Viktige segment framover

Dei trur ikkje at brønnbåtboomen er over, sjølv om det er ei næring som vil gå i bølgjedalar.
- Vi trur at det blir bygd brønnbåtar også framover. Det blir behov for større, betre og nyare fartøy og det vil også bli bygd prosessbåtar som slaktar på mærkanten. Verda må ha mat framover og næringa blir meir og meir profesjonalisert, berekraftig og industriell.
Dei trur at det også vil bli bygd ein del større arbeidsbåtar og mindre spesialfarty.
- Både havbruk, fiskeri, ferjer og passasjerbåter er viktige segment framover, og satsinga på exploration- og cruise er veldig spennande.

Reknar med 2017 blir på nivå med fjoråret

Pr. august hadde norske verft fått tildelt kontrakter på 9,7 milliardar kroner, fordelt på 29 fartøy.
Les også:
Strand og Aas reknar med at det kjem fleire kontraktar utover hausten og at inneverande år ikkje blir noko særleg dårlegare enn fjoråret. I 2016 vart det tildelt kontraktar for 12,7 milliardar.
- Det er mange verft som reknar på kontraktar no og vi trur ikkje at 2017 vil bli vesentleg dårlegare enn i fjor, seier dei.

Glad for nye finansieringsmoglegheiter

Dei er glad for at den attraktive finansieringsordninga som Eksportkreditt tilbyr og GIEK garanterer for, no også vil kome norske reiarar til gode dersom dei byggjer ved norske verft.
- Sjølv om dette er ei supplement til vanleg finansiering, er dette viktig fordi det bidreg til lettare finansiering og aukar sjansen for at verftsnæringa lukkast. Det har vore konkurransevridande for norsk verftsindustri når norske reiarar berre har fått denne finansieringa dersom dei har bygd i utlandet. Vi håpar difor at ordninga trer i kraft som raskt som mogleg, og dette er noko både vi som bransjeforening og fiskerinæringa har jobba mykje og lenge med for å få på plass, seier dei.
Vi trur det er moglegheiter for dei skipsverfta som vil satse og utvikle verdikjeden 

Publisert: 07.09.2017 15:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13