Det er analysen prosjektleiar Lars Lysdahl i Rystad Energy legg fram på Klyngekonferansen under Campus-Uka i Ålesund i dag.
Rystad Energy har spesialisert seg på å samle inn og analysere data om utviklinga i oljebransjen verda over. Under heile oljenedturen har selskapet vurdert det slik at oljeprisen vil stige igjen, og aktiviteten ta seg opp. Den analysen står fast, sjølv om nedturen blei større og meir langvarig enn selskapet såg for seg då oljeprisfallet starta i fjor.
Slik det ser ut i dag ventar Rystad Energy ein oljepris på 75 dollar fatet i gjennomsnitt for 2017 og deretter stigande oljepris opp til 100 dollar fatet i gjennomsnitt for 2020.
- Sjølv med 70 dollar fatet har ein ikke nok olje i verda, seier han om situasjonen i 2017.
Derifrå vil oljeprisen stige, sjølv om vi må vere budd på store svingar. Små endringar kan få store konsekvensar, i følgje Lysdahl. Berre ein prosent meir olje produsert enn det var etterspørsel etter i fjor utløyste ei halvering av oljeprisen.
Også konstruksjonsskip/skip for subseaoperasjonar får ein nedtur, men den blir ikkje så langvarig og djup. Allereie i 2017 kan marknaden betre seg.
Reiarane sin byggevilje er ein viktig grunn til at marknaden er blitt så svak som den er.
- Det kunne ikkje gå bra, sjølv med ein oljepris på 100 dollar fatet, seier Lysdahl.
Han ventar at den tøffe riggmarknaden vil betre seg noko frå 2016, men ikkje nok til å hindre at riggar må ut av den norske marknaden for å finne oppdrag.
Opec-landa vil ikkje begrense produksjonen for å halde oljeprisen oppe slik dei gjorde fram til ifjor haust. Tvert i mot aukar Opec-landa, med Saudi-Arabia i spissen, produksjonen for å vinne ein større del av marknaden og styrke sin posisjon i marknaden.
I USA er skiferoljeproduksjonen både større og billegare enn venta. Opec har ikkje lukkast i å presse fram ein stor reduksjon i oljeproduksjonen i USAsjølv om den har flata noko ut.
I fjor dempa Europa etterspørselsveksten, i år er det uvisse rundt utviklinga i Kina som dempar etterspørselsveksten.
I løpet av siste året er prosjekt for 180 milliardar dollar blitt stoppa på verdsbasis. Av dei 15 største oljeutvinningsprosjekta som er blitt stoppa er ni til havs, sju av dei på djupe farvatn, i følgje Lysdahl.
Rystad Energy har spesialisert seg på å samle inn og analysere data om utviklinga i oljebransjen verda over. Under heile oljenedturen har selskapet vurdert det slik at oljeprisen vil stige igjen, og aktiviteten ta seg opp. Den analysen står fast, sjølv om nedturen blei større og meir langvarig enn selskapet såg for seg då oljeprisfallet starta i fjor.
Slik det ser ut i dag ventar Rystad Energy ein oljepris på 75 dollar fatet i gjennomsnitt for 2017 og deretter stigande oljepris opp til 100 dollar fatet i gjennomsnitt for 2020.
Treng olje
Etterspørselen etter olje er stigande, men nett no er produksjonen så stor at det likevel ikkje blir prisvekst. I slutten av 2016 trur vi det kan bli ein ny balanse i marknaden, seier Lysdahl.- Sjølv med 70 dollar fatet har ein ikke nok olje i verda, seier han om situasjonen i 2017.
Derifrå vil oljeprisen stige, sjølv om vi må vere budd på store svingar. Små endringar kan få store konsekvensar, i følgje Lysdahl. Berre ein prosent meir olje produsert enn det var etterspørsel etter i fjor utløyste ei halvering av oljeprisen.
Fire magre år
Den lave oljeprisen, kombinert med ei omfattande bygging av nye skip (som enno ikkje er over) gjer at marknaden for både plattform-forsyningsskip (PSV) og ankerhandteringsskip (AHTS) blir mager i tre år til. Dei magre tidene starta i 2014, og først i 2018 ventar Lysdahl at denne globale marknaden snur igjen.Også konstruksjonsskip/skip for subseaoperasjonar får ein nedtur, men den blir ikkje så langvarig og djup. Allereie i 2017 kan marknaden betre seg.
Reiarane sin byggevilje er ein viktig grunn til at marknaden er blitt så svak som den er.
- Det kunne ikkje gå bra, sjølv med ein oljepris på 100 dollar fatet, seier Lysdahl.
Fallande investeringar
- På norsk sokkel ser det ut til at investeringane vil falle svakt frå i år og heilt fram mot 2020, med unntak av et hopp i 2018 grunnet Johan Sverdrup. Det er venta ein flat utvikling innanfor leiting, men det er framleis mange prosjekt som kan byggast ut slik at investeringsnivået blir halde oppe, seier Lysdahl.Han ventar at den tøffe riggmarknaden vil betre seg noko frå 2016, men ikkje nok til å hindre at riggar må ut av den norske marknaden for å finne oppdrag.
Opec og oljesand
Det er tre drivkrefter bak prisfallet på olje, som og er avgjerande for utviklinga framover:Opec-landa vil ikkje begrense produksjonen for å halde oljeprisen oppe slik dei gjorde fram til ifjor haust. Tvert i mot aukar Opec-landa, med Saudi-Arabia i spissen, produksjonen for å vinne ein større del av marknaden og styrke sin posisjon i marknaden.
I USA er skiferoljeproduksjonen både større og billegare enn venta. Opec har ikkje lukkast i å presse fram ein stor reduksjon i oljeproduksjonen i USAsjølv om den har flata noko ut.
I fjor dempa Europa etterspørselsveksten, i år er det uvisse rundt utviklinga i Kina som dempar etterspørselsveksten.
Tøffast til havs
Så langt har oljeprisfallet gått hardast ut over oljeutvinning til havs.I løpet av siste året er prosjekt for 180 milliardar dollar blitt stoppa på verdsbasis. Av dei 15 største oljeutvinningsprosjekta som er blitt stoppa er ni til havs, sju av dei på djupe farvatn, i følgje Lysdahl.
Det kunne ikkje gå bra, sjølv med ein oljepris på 100 dollar fatet
Publisert: 25.09.2015 11:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:47





