Semje om norsk russisk kvoteavtale for 2017
FISKERI: Per Sandberg meiner at Noreg har fått ein unik avtale med Russland.
Nytt

Semje om norsk-russisk kvoteavtale for 2017

Gir 60 fulle vogntog. Kvar dag.

20.10.2016
(NPK-NTB): Avtalen blei signert i Moss torsdag, og markerer 40-års jubileet for Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon.
Den nye avtalen gir Noreg ein torskekvote på rundt 400.000 tonn, omtrent det same som inneverande avtale.

- Unikt samarbeid

Det svarar til 60 fulle vogntog, kvar dag, heile året.
– Dette er eit unikt samarbeid om forvaltninga av dei viktigaste fiskeressursane i Barentshavet. Avtalen sørgjer for at den berekraftige haustinga av desse ressursane held fram.
- Med reviderte forvaltningsreglar for torsk, hyse og lodde er bestandane framleis godt vareteke, seier fiskeriminister Per Sandberg (Frp) i ei pressemelding.
Den totale torskekvoten er på 890.000 tonn i Barentshavet. Noreg og Russland har blitt einige om kvotar på torsk, hyse, lodde, blåkveite og snabeluer, høve til å fangste snøkrabbe, i tillegg til vilkår for gjennomføring av fiskeriforskingstokt i kvarandre sine soner. (©NPK)

Publisert: 20.10.2016 14:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:02