Selstad blir Plany konkurrent
VEKST: Hans-Petter Selstad med eit fortøyingsprodukt utvikla i samarbeid med Strukturplast på Sandane. Selstadkonsernet budsjetterer med 10 prosent vekst i år, men ligg an til at det blir meir.
Nytt

Selstad blir Plany-konkurrent

Selstad-konsernet i Måløy utvidar oppdrettsatsinga.

17.08.2017
På standen sin under oppdrettsmessa Aqua Nor i Trondheim viser Selstad-sjef Hans-Petter Selstad fram eit eigenutvikla luseskjørt, eit presenningsprodukt til bruk for å stenge lakselusa ute frå oppdrettsanlegg.
Det er eit nytt produkt for Selstad-konsernet. Går det bra kan salet utgjer 5-10 prosent av driftsinntektene etter kvar. Det betyr også tøffare konkurranse for andre, mellom dei Plany i Sande, som har stand berre nokre steg unna Selstad på Aqua Nor.
Plany dobla driftsinntektene frå 20 til 40 millionar kroner frå 2013 til 2016, mykje takka vere suksess med selskapet sine luseskjørt.

Ventar vekst

Selstad har nettopp opna ein ny servicstasjon i Sunnhordland retta mot oppdrettsbransjen i Hordaland.
Inntektene for utstyrsleverandøren deler seg omlag 50/50 mellom fiskeri og havbruk.
Konsernet har hatt ein vekst på åtte prosent i året sidan 2014. Veksten held fram i år. Budsjettet er 10 prosent vekst.
- Det ligg vi godt an til, seier Hans-Petter Selstad.

179 tilsette

Selstad har 12 dotterselskap eller avdelingar langs norskekysten og i Danmark, i tillegg til tilknytta selskap på Island, Grønland og i Sør-Afrika.
Selskapet har 179 tilsette.
Hans-Petter Selstad eig 30 prosent av selskapet, Arve Selstad, Bjørn Selstad og Tor Selstad eig 15 prosent kvar. Resten av aksjane er og eigd av familiemedlemar.

Publisert: 17.08.2017 10:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12