Selje bedrift skal varsle folk i krisesituasjonar
JØLSTER: Fleire jordras gjekk over blant anna fylkesveg 451 og E39 i Jølster kommune i Sogn og Fjordane tysdag 30. juli. 
Nytt

Selje-bedrift skal varsle folk i krisesituasjonar

Denne veka viste firmaet Paneda fram eit nytt varslingssystem i Flåm i Aurland. 

29.11.2019
NPK: Systemet skal varsle folk ved akutte ulukker og naturkatastrofar.
Geir Gjørsvik i Paneda meiner det nye varslingssystemet ville fungert i situasjonar som da flaum og ras ramma Jølster.
– Med teknologien vår kunne vi tatt over ein DAB-sendar, og fått varsla alle bilane som var innesperra i raset, seier Gjørsvik.

Flåm som testområde

Bedrifta fortel på nettsidene sine at dei jobbar med tryggleikssystem i tunnelar og bygningar, og bruker system som går inn på DAB-nettet og avbryt vanlege sendingar ved akutte situasjonar.
I utviklinga av det nye varslingssystemet har dei brukt Flåm som testområde fordi ras- og flaumfare, mange lange tunnelar og store folkemengder når turistane kjem om sommaren, gjer at staden er aktuell for testing.
– På Vestlandet skjer det mange naturhendingar, og då har vi ofte sett at mobilnettet er nede, seier Sondre Bjelle, som er rådgjevar for Fylkesmannen, til .
– Vi vil varsle folk på fleire plattformer, som Facebook, tekstmelding eller på TV, seier Geir Gjørsvik i Paneda til NRK.
Det er gjort fleire utgreiingar av ulike system for å varsle befolkninga ved akutte hendingar. Regjeringa har sett av 1,1 millionar kroner i forslaget til statsbudsjett for 2020 til å greie ut eit system for varsling ved akutte situasjonar.
Vi vil varsle folk på fleire plattformer, som Facebook, tekstmelding eller på TV

Publisert: 29.11.2019 13:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46