Selde seismikkskip til A Alesund
BÅTSAL: Ocean Odyssey forlet opplag i Måløy hamn og vert eigd av Ålesund-baserte Maritim Management.
Nytt

Selde seismikkskip til Ålesund

Remøy Shipping har seld Ocean Odyssey til Maritim Management.

01.11.2017
- Vi fekk eit godt bod på fartøyet som vart behandla og akseptert av styret, og dermed var det gjort, seier adm. dir. Karsten Sævik i Herøy-selskapet.
Det 72,8 meter lange skipet har lege i opplag sidan feruar i 2016, først i Fosnavåg, siste året i Måløy hamn.
- Alternativet med å ligge i opplag i Måløy og vente på nye moglegheiter, er det mykje usikkerheit knytta til.
- Det er også kostbart å ha fartøy liggande slik, seier Sævik.

Store investeringar

Han viser til at ein dessutan måtte ha utrusta fartøyet med nytt seismikkutstyr for at båten skulle være klar for nytt tilsvarande arbeid.
- Dette ville krevd såpass mykje investeringar at vi diverre ikkje såg det som ei reell moglegheit akkurat no.
- Når vi i tillegg ser marknadsutsiktene vidare framover, meiner vi at dette totalt sett var den beste løysinga for oss.

Nedbetalt skip

Ocean Odyssey vart bygt ved Søviknes Verft i 2005, og gjekk i arbeid for Remøy Shipping fram til februar 2016.
Båten er nedbetalt, og Sævik seier at det er snakk om ein god båt.
- Vi trur også den nye eigaren var nøgd med fartøyet, og såleis med handelen. Vi ynskjer dei lukke til med mobilisering, og i jakta på nye oppdrag for fartøyet, seier Sævik.
Ålesund-baserte Maritim Management er frå før eigar og operatør av dei fem seismikkfartøya Artemis Arctic, Artemis Atlantic, Artemis Angler og Artemis Athene, i tillegg til forskingsfartøyet Sigma.
Selskapet er ein del av Westcon Group med Matre-familien som hovudeigarar.
Det er også kostbart å ha fartøy liggande slik

Publisert: 01.11.2017 15:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15