Selde for aa bli kvitt dobbelrolle
GAMLE KJENTE: Håvard Haanes og Jogeir Romestrand arbeidde saman i Odim. No er dei gjenforent i Entec Group, der Haanes er toppsjef og Romestrand sjef for datterselskapet Evortec.
Nytt

Selde for å bli kvitt dobbelrolle

Seismikk-kundane til Evotec likte ikkje at Jogeir Romestrand både var Evotec-eigar og storaksjonær i seismikkselskapet Axxis. Det gjorde at han sa frå seg verv og selde seg ut.

11.01.2020
I januar 2019 kjøpte Romestrand Evotec i samband med at Kongsberg måtte selje selskapet som ein del av at Kongsberg fekk kjøpet marinedivisjonen til Rolls-Royce, som mellom anna var ein konkurrent til Evotec.

I januar 2017 var han med og starta seismikkselskapet Axxis Geo Solutions. Som Evotec-eigar vart han dermed leverandør til både Axxis og konkurrentane. Dette sette han i ei dobbelrolle som han gradvis utover året i fjor vurderte som meir og meir problematisk. Det syns og seismikk-kundane.
- Eg har fått ganske klare tilbakemeldingar, seier Romestrand.
Interessekonflikta blei enda tydlegare då Romestrand overtok som dagleg leiar i Evotec mot slutten av 2019. Men då hadde han alt trekt seg frå styret i Axxis,
Axxis blei børsnotert i juli i år, og børskursen vart nesten dobla før nedturen starta og mesteparten av børsverdien forsvann.

Evotec-sjef

I juni 2019 blei Evotec ein del av Entec Group, der Håvard Haanes er toppsjef. Haanes og Romstrand to har ei felles fortid i tidlegare Odim. No ville dei utvikle Entec til "ein betydeleg industriell aktør", med Evotec, Brimer og Servitech under same paraply.

Haanes er nøgd med å ha Romestrand med i den daglege leiinga.
- Med hans erfaring er vi bra skodd, seier Haanes.
I dag er Entec Group-selskapa oppe i rundt 170 tilsette, alle tre gjekk i pluss i fjor og ligg an til eit minst like bra år i følgje Haanes og Romestrand.

Meir fisk

Evotec var opphavleg retta mot seismikkmarknaden, med sine vinsjar og handteringsanlegg. Driftsinntektene til selskapet er delt omlag likt mellom leveransar til seismik og subsea-verksemd, fiskeri og servicetenester.
No er det frå vinsjløysingar til fiskebåtar at selskapet ventar at den største veksten kjem. Mindre, lettare og elektrisk drivne vinsjar gav selskapet eit gjennombrot i fiskerimarknaden rett før jul, med ein kontrakt på rundt 30 millionar kroner til fiskebåten Gitte Henning.

Full fart på Kvamsøya

Etableringa av Entec Group spring ut frå Brimer på Kvamsøya, som lagar tankar i kompositt og vasshandteringsanlegg for vassverk, oppdrettsanlegg og industri. Sjølve produksjonen skjer på Kvamsøya.
- Det har vore veldig høg aktivitet på fabrikken på Kvamsøya, seier Haanes.
Tøffast har det vore for Servitech, som har vore mest retta mot maritim bransje med sine rørinstallasjonar. Selskapet har tatt kunnskapen sin inn også oppdrett- og vatn og avløps-bransjene, bransjar som Haanes venter skal få auka betydning for selskapet. Saman med Brimer kan Servitech mellom anna leverer større pakkar til kundane til dømes vassverk
Eg har fått ganske klare tilbakemeldingar

Publisert: 11.01.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49