Sel endaa ein PSV
MOLTU: Havila Shipping sel ut gamle PSV-ar.
Nytt

Sel endå ein PSV

Havila Shipping har seld alle PSV-ane som ikkje har vore del av framtidig satsing.

09.08.2018
Den siste som er seld er Havila Fortress, ein 22 år gamal PSV.
Dette opplyser Havila Shipping i torsdag.
Frå før har Havila Shipping seld PSV-ane Havila Faith og Havila Favour til ein utanlandsk kjøpar.

Ikkje ein del av satsinga

Skipa har lege i opplag på Moltu, og har vore til sals i lenger tid ettersom fartøya ikkje inngår i den vidare satsinga for selskapet.
Havila Fortress er 82,85 meter lang, 19 meter brei og har eit dekksareal på 902 kvadratmeter.
I børsmeldinga vert det ikkje opplyst kven som er ny eigar.

Fleire aksjar

I samband med salet er det forventa at långivarar og Sævik-familien sitt selskap Havila Holding vil utøve tildelte teikningsrettar ved konvertering av gjeld til aksjar.
Dette er i tråd med den inngåtte avtalen rundt refinanseringa av selskapet.
Ved konvertering av gjeld til aksjar, vil antal aksjar i selskapet auke med 1.674.000 til 23.778.000 aksjar.
Selskapet opplyser at salet vil ga liten resultatmessig og likviditetsmessig effekt.

Publisert: 09.08.2018 09:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25