Sel Istad aksjar for 103 millionar kroner
TUSSATUN: Tussa Kraft sel seg ned i Istad Kraft. Kjøpar er KLP.
Nytt

Sel Istad-aksjar for 103 millionar kroner

Tussa Kraft AS har inngått avtale om å selje delar av aksjeposten sin i Istad AS til Kommunal Landspensjonskasse (KLP).

11.12.2018
Etter salet vil Tussa eige 36 prosent av aksjane i Istad AS og KLP eige 13 prosent av aksjane i Istad AS, opplyser Tussa i ei pressemelding tysdag.
Prisen for aksjane er 103 millionar kroner. Dei resterande eigardelane i Istad er eigd av Molde kommune (34 prosent) og Moldekraft AS (17 prosent).

Kort eigarskap

Tussa kjøpte aksjeposten i Istad i juni i år, og kjøpet var motivert av det langsiktige ønsket om å utvikle ein solid energiverkstruktur i Møre og Romsdal.
- Tussa har eit godt samarbeid med KLP gjennom KLP sitt eigarskap i Tussa Kraft. Salet av aksjane til KLP er ein lekk i å utvikle samarbeidet mellom partane vidare, seier Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa, i pressemeldinga.
- KLP har eit langsiktig perspektiv som finansiell investor i norske kraftselskap. Investeringane våre er med på å fordele pensjonsmidlar, og gi god avkastning og stabilitet i porteføljen. Vi har allereie eit godt samarbeid med Tussa Kraft, og har stor tru på at denne investeringa vil passe godt i forvaltninga av pensjonsmidlar, seier Aage Schaanning, konserndirektør økonomi og finans i KLP.
Gjennomføring av avtalen er på vilkår av samtykke og godkjenning i styra og Finanstilsynet.
KLP har eit langsiktig perspektiv som finansiell investor i norske kraftselskap

Publisert: 11.12.2018 10:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29