Sel Hopen og sikrar krigskasse til Rem Offshore
STORHANDEL: Jørn (t.v.) og Åge Remøy har gjort avtale om å selje Hopen til Kristin og Olav Remøy (t.h.).
Nytt

Sel Hopen og sikrar krigskasse til Rem Offshore

Åge Remøy måtte ikkje å gå langt for å finne kjøpar til reke- og kvitfisktrålaren Hopen. Han seier at salet vert gjort for å sikre Rem Offshore.

02.05.2016
- Dette vert gjort for å sikre oss nødvendig kapital for å kome oss gjennom den krisa som offshorenæringa er inne i.
- På mange måtar vert dette vår krigskasse, som gjer at vi er sikre på at vi vert eitt av dei offshorereiarlaga som overlever krisa.
Gjennom Remøy Fiskeriselskap har Åge Remøy og borna seld den tre år gamle reke- og kvitfisktrålaren Hopen til Remøy Havfiske ved Olav Remøy og søstrene Kristin Remøy og Beate Remøy Eggesbø.
Remøy Havfiske selde i august i fjor reketrålaren Remøy til eit kanadisk selskap.
- Vi fekk eit så godt tilbod at vi valde å seie ja til sal, seier Olav Remøy.

Les her:


Nybygg dyrare enn forventa

Etterpå har selskapet vurdert bygging av ein ny kombinert reke- og kvitfisktrålar, mellom anna ei løysing med dobbel skrog og to propellar.
- Prisane vi innhenta viste seg å vere ein god del høgare enn vi hadde tenkt. Difor byrja vi å sjå oss om etter andre alternativ, seier Olav Remøy.
Løysinga fann ein i nabolaget ettersom Åge Remøy og borna etter kvart innsåg at det kunne vere nødvendig å skaffe seg ekstra kapital.
- Vi likar det ikkje, men vi meiner dette er rette løysinga for oss slik situasjonen er, seier Åge Remøy.

Solid inntening

Han er glad for at båten vert verande i Herøy.
- For oss var dette viktig. Det er også viktig å behalde fiskerikompetansen og fiskeriarbeidsplassar i Herøy.
Hopen er ein av norges mest lukrative fiskebåtar. Dagleg leiar Jørn Remøy i Remøy Fiskeriselskap opplyser at samla driftsinntekter i fjor bikka 126 millionar kroner, og driftsresultatet var på vel 42 millionar kroner.
Båten er no i fiskeri i Barentshavet.
- 2016 har starta vel så godt som fjoråret, seier han.

Lokale sjøfolk

Den 74 meter lange og 16 meter breie fiskebåten har dobbelt skrog og kan produsere 120 tonn i døgnet. Total lastekapasitet er på 830 tonn.
- Båten passar perfekt for oss. Ved å kjøpe ein tre år gamal båt, slepp vi også alle barnesjukdomane, seier Olav Remøy.
Om bord er det eit mannskap på 18, inkludert lærlingar. Dei fleste sjøfolka kjem frå Herøy og Ålesund.
- Vi reknar med å behalde dei fleste av desse, seier Olav Remøy.

Skal eige og drive ut året

Avtalen inneber at Remøy Fiskeriselskap skal stå som eigar og drivar fram til nyttår.
- Dette fører til at vi får inntektene av årets sesong, seier Jørn Remøy.
Han synst salet er veldig vemodig.
- Det er eg som har drive selskapet, og hatt kontakten med fiskarane. For meg var det viktig å avklare at dei fleste av mannskapet får tilbod om å behalde arbeidsplassane.

Tryggar fleire arbeidsplassar

Han meiner at salet likevel er viktig for å sikre Rem Offshore.
- Her har vi svært mange tilsette, og eg er sikker på at dette grepet vil vere med på å sikre mange fleire arbeidsplassar i Herøy.
Ved eigarskiftet skal båten skifte namn frå Hopen til Remøy.
- Vår gamle Remøy var raud, medan Hopen er blå. Vi får sjå etter kvart om vi også skiftar farge men det er ikkje det første vi prioriterer, seier Olav Remøy.

Stor investering

Partane er samde om å ikkje offentleggjere kontraktssummen på båt og kvoter.
- Men det er den hittil klart største investeringa vi har gjort, seier Olav Remøy.
Hopen vert seld med kvoter for grønlandsreke, seitrål og torsketrål.
Frå før sit Remøy Havfiske på ein reketrålkvote.
- Vi reknar med å overføre denne kvoten til nye Remøy, seier Olav Remøy.

Sikrar eigarskap

Åge Remøy har vore inne i fiskeri sidan 1978. Han seier det er vemodig å selje seg ut.
- Men du skal ikkje sjå vekk frå at vi ein gong kjem tilbake i fiskeri. No har vi fokus på å sikre verdiar og eigarskap i Rem Offshore.
Vi likar det ikkje, men vi meiner dette er rette løysinga for oss slik situasjonen er

Publisert: 02.05.2016 13:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:56