Seismikkselskap kjempar for livet
OPP- OG NEDTUR: Njål Sævik (øvst), Jogeir Romestrand (midten) og Roger Halsebak har vore med på opp- og nedturen med Axxis Geo Solutions. Det heile starta med kjøpet av Neptune Naiad i 2017.
Nytt

Seismikkselskap kjempar for livet

Det skulle vere eit eventyr, men for mange aksjonærar på Sunnmøre har det vorte eit mareritt. No kjempar Axxis Geo Solutions for å unngå forlis.

Marius Rosbach
16.01.2021

Det starta tidleg i 2017. Axxis vart etablert etter at selskapet henta inn 25 millionar kroner og overtok seismikkskipet Neptune Naiad frå Ulsteinvik-baserte Neptune Offshore.

Sentrale aktørar bak nysatsinga var Houston-baserte Bjarte Bruheim, Ulsteinvik-baserte Jogeir Romestrand og Oslo-baserte Arne Blystad. Alle var kjende aktørar innan offshore, shipping og seismikk. No skulle det satsast stort på nodeseismikk.

Med på laget var også ålesundaren Tore Rødal og Herøy-selskapet Remøy Shipping, som fekk driftsansvaret av Neptune Naiad.

Starta bra

Axxis Geo Solutions etablerte samstundes eit dotterselskap i den amerikanske oljehovudstaden Houston som skulle stå for den seismiske drifta. Axxis hyrte inn Lee Parker som toppsjef, også han med solid bakgrunn frå seismikk.

Og det starta bra. Kort etter fekk selskapet seismikkoppdrag for BGP - China National Petroleum Company utanfor Indonesia.


Men det trengdest fort meir pengar, og i oktober 2017 var det eit nytt Herøy-selskap som kom inn. Det var Havila Holding som fekk 15 prosent eigarskap etter ein retta emisjon på 24 millionar kroner.

Jogeir Romestrand kjende Sævik-familien godt frå før, og å kontakte dei, når ein såg etter ein ny industriell partner.

Og i mai 2018 kom det ei skikkeleg gladnyheit då Axxis fekk der 9.000 noder skulle leggjast og fire båtar måtte i sving.

Rett etter vart det meldt om med det multinasjonale selskapet Oil and Natural Gas Corporation (ONGS), der det vart opplyst at verdien på kontrakten var på heile 550 millionar kroner for Axxis.

Sikta mot børsen med 8-10 skip

Selskapet inngjekk samarbeid med Kongsberg Evotec for utvikling av nytt utstyr for utlegging av noder. Axxis inngjekk også eit strategisk samarbeid med seismikkselskapet TGS for innhenting av multiklient nodeseismikk i Nordsjøen. Oppdraget galdt sentrale deler av Nordsjøen, inkludert Utsira-feltet, men det vart også opplyst at partane skulle samarbeide om utvikling av fleire prosjekt i Nordsjøen.

Axxis hadde framleis berre eitt skip, men leigde mellom anna inn skip frå Volstad Maritime og Havila Shipping, seinare også frå Sanco.

Ved utgangen av 2018 var optimismen stor, og selskapet opplyste at og 8-10 skip i sving i 2019. De trudde på mange år med aktivitet i Nordsjøen i samarbeid med TGS.

Axxis hadde då 9.000 noder, som vert lagde i mønster på havbotnen, gjerne med 50 meter mellom nodane, der kvar node sende seismiske data til eit skyteskip.

– Alle aktørane slit

Jogeir Romestrand var aktiv i å få inn aksjonærar i selskapet på Nordvestlandet, og hadde presentasjonar av selskapet før børsnotering.

I dag seier han til NETT NO at han har hatt lite å gjere med selskapet det siste halvanna året, og at han ikkje har kjennskap til «det indre livet» i dagens Axxis. Han legg ikkje skjul på at seismikkmarknaden er vorte krevjande både for 3D- og node-seismikk.

– Mange båtar er i opplag og det er ein krevjande finansiell situasjon. Alle aktørane slit med innteninga i ein dårleg marknad, er Romestrand si vurdering i dag.

Han viser til at det såg lysare ut ved starten av fjoråret, men at Covid-19 og kollapsen i oljeprisen har skapt store utfordringar.

Han anslår at det er seks til åtte båtar i arbeid i heile marknaden for nodeseismikk for tida, fordelt på berre nokre få internasjonale oppdrag.

– Utsette og kansellerte jobbar er vel hovudårsaka til at Axxis har hamna i den situasjonen dei er, seier Romestrand til NETT NO.

Sunnmørsaksjonærar gjekk inn

I april 2019 blei det henta inn meir pengar, og ei rekkje sunnmørsaksjonærar vart med i ein emisjon på 62,4 millionar kroner.


Ein som då hadde trua var Roger Halsebakk, som gjennom investeringsselskapet Ronja Capital satsa på Axxis. På aksjonærlista dukka også Asbjørn Solevågseide, Frode Kjølås og Peder Stette opp.

Børsintroduksjonen vart gjort gjennom at Songa Bulk, eit børsnotert, men relativt tomt selskap, slo seg saman med Axxis og endra namn til Axxis Geo Solutions.

Hovudaksjonærar i Songa Bulk var Arne Blystad, i tillegg til svensk-sveitsiske Magnus Roth, som også er sterkt inne på eigarsida i offshoresatsinga til Rem Offshore.

Partane var samde om at Axxis var verd 514,82 millionar kroner.

Blystad størst føre Havila

Største aksjonær ved børsnoteringa var Arne Blystad-selskapet Songa Holding med 16,05 prosent, føre Sævik-selskapet Havila Holding med 15,33 prosent.

Jogeir Romestrand og Bjarte Bruheim var tredje og fjerde størst med 11,89 prosent og 11,52 prosent av aksjane.

Ein annan sentral aktør, Tore Rødal, var sjette størst med 4,21 prosent av aksjane. Stor aksjonær var også Herøy-selskapet Remøy Group som gjennom W2 Seismic eigde 8,57 prosent av aksjane.

Børsrakett – så nedtur

Børsen tok imot selskapet med opne armar i starten. hadde selskapet auka verdien med 81 prosent, og var verdsett til 746 millionar kroner etter ein aksjekurs på 35 kroner.

Alle aksjonærane sat då med solide gevinstar. Blant anna sat Havila Holding med aksjar for 110 millionar kroner, og Jogeir Romestrand med over 80 millionar.

Men så starta nedturen, og den vart endå brattare enn oppturen.

Alt i september vart det meldt at selskapet måtte styrke seg finansielt, blant anna for å betale leverandørgjeld. , men aksjerabatten var stor, og kursen berre sett til seks kroner aksjen.

Og det kom meir dårleg nytt. Eit oppdrag i Midt-Austen vart utsett, og verdien på selskapet stupte ytterlegare.

Deretter selde Arne Blystad seg heilt ut rett før jul i 2019.

Sjokkbeskjed frå Romestrand

Tre dagar seinare kom sjokkbeskjeden om at Jogeir Romestrand, ein av gründerane, og ein av dei som hadde fronta selskapet mest, i selskapet han hadde vore med å byggje opp.


Forklaringa var at seismikk-kundane til Evotec i seismikkselskapet Axxis. Det gjorde at han sa frå seg verv og selde seg ut.

Etter Romestrand-exiten vart selskapet prisa til berre 50 millionar kroner.

Roger Halsebakk sin mann i Axxis-styret, Tore A. Tønseth, etter berre elleve veker i styret.

«Brende for mykje cash»

I dag fortel Tønseth til NETT NO at investeringa til Ronja Capital-selskapet i «praksis ikkje hadde noko verdi» på det tidspunktet.

– Vi eig mange selskap og i den samanheng blei investeringa irrelevant. Vi kunne ikkje forsvare å framleis bruke tid på å sitje i ein styreposisjon, fortel han om exiten i dag.

Han fortel at selskapet etter deira si oppfatning kom i ein pressa situasjon der dei «brende for mykje cash».

– Prosjekta blei dyrare, og med høgre kostnader steig gjeldsforpliktingane, kombinert med at inntektene ikkje kom. Hausten 2019 og inn i 2020 blei det betydelege forseinkingar. Saman med ein krevjande marknadssituasjon, kom så Covid-19 og oljeprisfallet i fjor, oppsummerer Tønseth.

Blodraude tal og kutt

I februar 2020 vart det frå selskapet.

Og i august vart det meldt at selskapet skulle kutte kostnader til eit minimum i påvente av at marknaden betra seg. Selskapet skulle gå inn i det ein sjølv kalla ein «smart track»-modell, der ein kuttar dei løpande kostnadene, men at fartøy, noder og anna utstyr ville vere raskt tilgjengeleg dersom det dukka opp nye oppdrag.

Det vart kutta 20 prosent av stillingane på land, og utgiftene reduserte til 800.000 US dollar i månaden etter den nye modellen.

Rett etter gjekk Lee Parker av som toppsjef, og Ronny Bøhn frå Oslo overtok.

Noko av det første Bøhn måtte ta fatt i var at Axxis ikkje klarde å takle gjeldsforpliktingane, sjølv om oppdraget på egyptisk side av Suez til slutt vart gjennomført og ein i tillegg fekk oppdrag i Nordsjøen.

Men problema hopa seg opp, og Axxis vart til slutt begjært konkurs på grunn av eit ubetalt krav på seks millionar kroner.

Ny kriseplan på bordet

For å kome seg på beina att, har ei at Axxis skal hente inn mellom 12 og 15 millionar dollar i ny eigenkapital.

Vidare skal ein stor del av selskapet sine kreditorar ettergi 85 prosent av sine krav. Resten skal dei får betalt i kontantar eller ved å gjere om gjeld til aksjar.

Ifølgje framlegget skal kursen i kapitalutvidinga vere 0,1 kroner pr. aksje, noko som betyr at dagens aksjonærar vert kraftig utvatna. Men samstundes viser dei siste aksjonærlistene at mange av aksjonærane frå Sunnmøre har seld seg ut av selskapet.

Ikkje utelukka med nye investeringar

Mellom dei som no er ute er Roger Halsebakk-selskapet Ronja Capital. Investeringsdirektør Tore A. Tønseth fortel til NETT NO at det likevel ikkje er utelukka at dei vil vurdere nye investeringar i Axxis.

– Vi har eit pragmatisk forhold til investeringar. Om vi synest noko er økonomisk rasjonelt så kan det vurderast, men det føreset at selskapet får rydda opp i forpliktingane sine, påpeiker Tønseth.

Sævik-familien er framleis klart største aksjonær med 26,4 prosent av aksjane og Njål Sævik er styremedlem. Han har avslått å kommentere saka til NETT NO no, og viser til at selskapet er børsnotert – i tillegg til rollene han har.

Børskursen fredag slutta på 0,42 øre. Det prisar heile selskapet til 24,4 millionar kroner. Det er 723 millionar kroner mindre enn verdien for atten månader sidan.

Vi har eit pragmatisk forhold til investeringar. Om vi synest noko er økonomisk rasjonelt så kan det vurderast, men det føreset at selskapet får rydda opp i forpliktingane sine

Publisert: 16.01.2021 05:55

Sist oppdatert: 09.06.2021 16:11