Schlumberger trappar ned i seismikk
SEISMIKK: WesternGeco har verdas største seismikkflåte. Her Ulstein-designa WG Amundsen.
Nytt

Schlumberger trappar ned i seismikk

Verdas største seismikkselskap WesternGeco sluttar med kontraktsseismikk. Trur på tøffe tider framover.

21.01.2018
WesternGeco er eigd av Schlumberger, der ålesundaren Pål Kibsgaard-Petersen er styreleiar og konsernsjef.
I samband med presentasjonen av resultata for fjerde kvartal kom Kibsgaard-Petersen med den overraskande meldinga at selskapet trekkjer seg ut av 'seismic aquisitions'. I praksis betyr dette at selskapet trappar ned i seismikk, og truleg vil slutte å konkurrere med andre selskap om kontraktsseismikk.

Trur på dårleg avkastning

Kibsgaard-Petersen viste til at dei siste åra har skjedd store endringar i kjøpevanar og prioriteringar, og at konsernet har gjennomført ei djupanalyse for å vurdere avkastningspotensialet for alle deler av konsernet.
Basert på denne analysen, har ein konkludert med at seismikk framover ikkje vil klare å oppfylle krava til forventa avkastning.
- Vi har difor tatt den vanskelege beslutninga om å forlate marknaden for 'seismic aquisitions', seier Kibsgaard-Petersen.
Han opplyser at selskapet framover mellom anna vil satse vidare på databehandling og tolking av geofysiske data.

Uklart om båtsal

Han seier ikkje noko om WesternGeco med den endra strategien opnar for å selje deler av sin store seismikk-flåte. Han opplyser heller ikkje om det er aktuelt for selskapet å skyte seismikk for eiga rekning, og prøve å selje data til andre aktørar.
WesternGeco vart etabert i 2000 ved at Western Geophysical og Geco-Pracla, to av verdas største seismikkselskap, vart slått saman.
I 2006 vart WesternGeco heileigd av Schlumberger, som på sin side er verdas største oljeservicseselskap, eit selskap som sidan august 2011 har vorte leia av Pål Kibsgaard-Petersen.

Opptur

Etter fleire tøffe år, la Kibsgaard-Petersen fredag fram sterke tal for fjerde kvartal.
Inntektene kom opp i 8,1 milliardar USD, opp 15 prosent frå same kvartal i fjor.
Drfitsresultat før skatt enda på 1,1 milliardar USD, som er ein auke på solide 43 prosent frå fjerde kvartal i 2016.
På årsbasis kom inntektene opp i 30,4 milliardar USD, medan resultatet før skatt enda på 3,9 milliardar USD.
Les heile presentasjonen

Publisert: 21.01.2018 17:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17