Satsing paa Stranda ga resultat
SATSA PÅ STRANDA: Dei største aksjonærane er dagleg leiar Hans Oscar Molvær (i midten), Jan Egil Løseth (til v.) og Anders Fjørstad, som eig hhv 62, 22 og 16 prosent av EL 24 Holding as, som eig 80 prosent av EL 24 Ensiko.   
Nytt

Satsing på Stranda ga resultat

Elektroinstallatøren EL 24 Ensiko har vakse som ein rakett sidan etableringa i 2006.

Kristin Vidhammer
13.11.2017
Då Hans Oscar Molvær kjøpte ut Bravida si avdeling på Stranda i 2006, hadde selskapet ei omsetning på omlag 7 millionar kroner og med fem tilsette. Sidan har det berre gått ein veg - oppover.
No har konsernet 84 tilsette i tillegg til 35-40 innleigde,og dei reknar med ei omsetning i år på 115-120 millionar kroner.
- Eg hadde sagt opp jobben i Bravida og takka ja til ein annan jobb då eg fekk tilbod om å kjøpe ut avdelinga på Stranda. Eg fekk også med meg Jan Egil Løseth og Anders Fjørstad, begge frå Stranda, på satsinga. Vi er sjølvsagt fornøgd med utviklinga, seier Molvær, som er dagleg leiar i EL 24.

Mange grunnar til veksten

No har EL 24 hovudkontor og tavleavdeling på Stranda, samt avdelingar i Ålesund, Sykkylven og på Hellesylt. Dei er blant dei aller største, om ikkje den største, innan landbasert elektroinstallasjon i Møre og Romsdal. Berre siste året har dei auka talet på fast tilsette med nærmare 15 personer.
- Det er fleire årsaker til veksten. Vi har vore heldig med tilsettingane, timingen var riktig og vi har lagt ned eit godt stykke arbeid. Vi har no ein ordrereserve på 50-60 millionar kroner, som gir oss oppdrag ut neste år, det synes vi er godt, seier Molvær.
I fjor var resultatet før skatt på nesten 7 millionar kroner (sjå tabell). 2015-tala er ikkje direkte samanlignbare då morselskapet fusjonerte med dotterselskapa i mellomtida.
I 2014 vart selskapet også kåra til ei av Gaselle-bedriftene i Møre og Romsdal, som er ei kåring over vekstbedrifter i Norge.
Dei har god økonomi i konsernet og har ifølgje Molvær reinvestert mykje av kapitalen i selskapet for å få til veksten.

Høg aktivitet på landsida

- Vi opplever høg aktivitet i marknaden og med mykje byggeaktivitet. Vi har også måtte takke nei til ein del forespurnader. Samtidig opplever vi at det er stor konkurranse i marknaden.
Sjølv om dei ikkje jobbar mot farty og verftsbransjen, er dei utsatt for konjunktursvingningar i denne delen av næringslivet også.
- Når det går dårlegare for verfta, blir det mindre arbeid på dei lokale underleverandørane, som igjen gir mindre tryggleik for arbeidsplassar og dermed mindre hus- og hyttebygging, påpeikar han.
Dei jobbar både mot private, næringsaktørar og det offentlege, både innan nybygg, renovering og ombygging. Anbud kan ligge mellom 2-30 millionar kroner.
- Det største prosjektet vi har hatt, var det nye næringsbygget på Skansekaia. Vi får mange forespurnader på helsehus/sjukeheimar, skular, idrettshallar og næringsbygg blant anna. Vi jobbar også mot infrastruktur, som gatebelysning.

Smarthus eit satsingsområde

Eitt av vekstområda til EL 24 er Smarthus, som dreier seg om styringssystem i hus der ein kan styre lys, varme, ventilasjon, persienner etc.
- Dette er veldig etterspurt av sjukeheimar for eksempel, men blir meir og meir vanleg i bustadhus også.
Noko av dette inneber effektstyring. Dette kan gje lavare straumrekningar fordi ein kan redusere straumtoppar og få eit meir jevnt døgnforbruk på straumen. Ein vil då vere i stand til å redusere straumbruken på dei tidspunkta i døgnet då prisane er høgast.

Satsar stort på lærlingar og dei tilsette

- Vi tilset mange lærlingar. I år har vi til saman tatt inn sju stykker, og vi er det selskapet i Møre og Romsdal som har tatt inn flest lærlingar på elektrosida. Dette er ei bevisst satsing for å sikre oss rekruttering fordi det ikkje er lett å få tak ferdig utdanna elektrikarar - særleg på Stranda og i Sykkylven er det vanskeleg.
For å behalde kompetanse, satsar dei også bevisst på å investere i dei tilsette.
- Vi inviterer alle tilsette kvart år til Hotel Union i Geiranger med følge blant anna. Vi gir også alle elektrikarane nye servicebilar, det er viktig for ein god kvardag, då dei brukar mykje tid i bilen. Vi er også opptatt av å ha ein god bedriftskultur, med gode verdiar både internt og ut mot kundane. Vi har no også beslutta å kjøpe ei firmahytte på Strandafjellet som dei tilsette skal få tilgong til.
At dei vel Hotel Union Geiranger - og ikkje reiser ut av regionen til dømes - er ikkje tilfeldig.
- Eg meiner personleg at det er viktig å vere bevisst å bruke lokale bedrifter og tenestetilbod, noko som gir ringverknader og kan vere med på å styrke lokale arbeidsplassar og lokalt næringsliv, seier Molvær.

Merkar prispress frå netthandel

Ei utfordring bransjen har, er at fleire byrjar å handle elektroinstallasjonsmateriell sjølv, og der mange også tar sjansen på å koble sjølv.
- Å koble sjølv er ulovleg, og ikkje minst farleg, med tanke på brann- og personsikkerheit, understrekar han.
Bransjen merkar priskonkurranse på elektriske produkt frå netthandelsbutikkar og dette går ut over marginane.
- Det er for dei fleste i bransjen små marginar, dermed vil dette kunne føre til at ein må auke timeprisane i bransjen i staden, påpeikar han.

Må ikkje stå igjen på perrongen

Molvær meiner også at bransjen no ikkje må stå igjen på perrongen i forhold til det grøne skiftet.
- Alternative energikjelder som solcelleteknologi er noko bransjen må satse på, i tillegg til at det går mot meir og meir elektrifisering, der det sjølvsagt er viktig å vere med. Eg meiner at utsiktene for både elektrobransjen og EL 24 ser veldig bra ut.
Dei største aksjonærane er Hans Oscar Molvær, Jan Egil Løseth og Anders Fjørstad, som eig med hhv 62, 22 og 16 prosent av EL 24 Holding, som eig 80 prosent av selskapet. Trond Reknes, Odd Joar Østrem, John Ove Ulvund og Bjørn Ivar Masdal eig til saman dei resterande 20 prosenta. Alle eigarane jobbar forøvrig 100 prosent i EL 24.
Vi er det selskapet i Møre og Romsdal som har tatt inn flest lærlingar på elektrosida 

Publisert: 13.11.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15