Satsar vidare paa smoltanlegg
GODT NYTT: Testar viser at insektsmjøl gir like godt fiskefôr som fiskemjøl. Det er godt nytt for blant andre dagleg leiar Peder Stavdal Vikenes (til v.) og styreleiar Harald Espeland i Norinsect i Stordal. Espeland er og prosjektleiar for Vekst i Stordal. Førebels har Norinsect ein tilsett, og Espeland er avhengig av å få etablert eit smoltanlegg i bygda for å nå målet om mange nye arbeidsplassar og nytt liv i fabrikklokala.
Nytt

Satsar vidare på smoltanlegg

Smoltanlegg i to av dei tidlegare møbelfabrikkane i Stordal er framleis målet for Vekst i Stordal, som har fått eitt år ekstra av kommunen til å lukkast.

03.03.2020
Vekst i Stordal er Stordal kommune sin prosjektorganisasjon for å skape nye arbeidsplassar og for å få ny aktivitet inn i møbelfabrikkane som blei ståande tome etter at store deler av møbelproduksjonen i Stordal blei flytta til utlandet.
Meininga var at prosjekt skulle vere avslutta i 2018, men no har kommunestyret bestemt at det skal vare ut 2019. Ein mellombels rapport frå Vekst i Stordal viser at prosjektet ikkje er heilt i mål.
Prosjektleiar Harald Espeland er klar på kva som er mål nummer ein:
- Det blir å forsøke å få på plass dette smoltanlegget, seier han.

Motbør i direktorat og departement

Stordal kommune, Aqua Gen og Norsk Sjømat på Stranda ønskjer å investere i eit smoltanlegg som skal bruke bygga som før husa Helland Møbler og Peder Møbler.
Det er snakk om ei investering på i underkant av 400 millionar kroner, i følgje Espeland. Med i reknestykket er å etablere eit oppdrettsanlegg i sjøen, men så langt har styresmaktene vendt tommelen ned.
Partnarane søkte først om såkalla utviklingskonsesjon, ei ordning som gir billige oppdrettskonsesjonar til oppdrettarar som utviklar ny og miljøvennleg oppdrettsteknologi. Framlegget frå Stordal-alliansen nådde imidlertid ikkje opp og har fått endeleg avslag frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Neste forsøk var å søke om visningkonsesjon, konsesjonar gitt til anlegg som tilbyr publikum innsyn i korleis oppdrettsproduksjonen foregår. Den søknaden nådde ikkje opp i Fiskeridirektoratet, og Nærings- og fiskeridepartementet har førebels ikkje svart på klagen.

75 arbeidsplassar

Espeland seier det er opp til dei tre partnarane bak søknaden på å avgjere kva som skal skje dersom departementet også avviser klagen på avslaget om visningskonsesjon, men at det frå Vekst i Stordal si side i så fall vil likevel bli vurdert å få i gang smoltanlegget.
Målet til Vekst i Stordal var å få etablert 75 arbeidsplassar i kommunen.
Så langt er det registrert 59 nye arbeidsplassar og nyetablerte bedrifter som blant andre Machine-Control, Storfjord Iskrem og Norinsect.

Publisert: 03.03.2020 12:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30