Satsar tungt paa vekst
VEKST: Vidar Aspehaug i Patogen passerte 45 kollegaer tidlegare i år og seier selskapet skal vekse meir.
Nytt

Satsar tungt på vekst

I løpet av dei fem siste åra har fiskehelseselskapet Patogen gått med nesten 50 millionar i overskot. Berre fem millionar har gått til utbytte. Les kvifor.

21.06.2018
- Vi har hatt ein policy siste åra på at vi reinvesterer for å bygge vekst, og sånn vil vi fortsette framover, seier Vidar Aspehaug, medgründer og direktør for forretningsutvikling.
I løpet av dei siste fem åra er driftsinntektene nesten dobla, frå 40 til 75 millionar kroner. Produktet er målinga og analyser som hjelper oppdrettarane med å oppdage sjukdomsutbrot og parasittangrep tidleg. Dess før oppdrettarane kan reagere, dess mindre kostnadar for dei.
-Vi skal bygge eit solid, internasjonalt selskap med base i Ålesund, seier Aspehaug.

Solid selskap

Selskapet har berre betalt ut utbytte tre gongar sidan starten, tilsaman åtte millionar kroner.
Det har ein eigenkapitalandel på 57 prosent og ei langsiktig gjeld på seks millionar kroner.

Folk og forsking

Det Patogen har brukt overskota på er investeringar i forsking og utvikling, og fleire folk.
Selskapet passert 30 tilsette i 2016 og 45 tilsette tidlegare i år, dei fleste i Ålesund.

Digitalisering

I tillegg til å utvikle analysemetodane har selskapet dei siste åra satsa tungt på å digitalisering datainnhenting, - lagring og analysar.
Av 17 millioner investert i forsking og utvikling i fjor gjekk cirka halvparten til investeringer i å gjere behandlinga av analyseresultata meir digital.

Publisert: 21.06.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23